NRK Meny
Normal

Trur ikkje at eit ekstremvarsel ville gjort nokon forskjell

Meteorologisk institutt kunne ha varsla ekstremvêret sundagen før flaumen i Utvik. Beredskapssjef Håvard Stensvand trur ikkje at eit ekstremvarsel ville ha gjort stor forskjell.

Utvik-flaumen øydeleggingar

FLAUM: Øydeleggingane i Utvik var enorme.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Beredskapssjef Håvard Stensvand hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier til VG at dei oppfatta OBS-varselet som vagt. Dei fekk ikkje inntrykk av at dei burde auke beredskapen.

– Vi skulle gjerne ynskje at dette blei varsla, og ser gjerne ein debatt om det. Vi er vant til å stole på meteorologane, og aksepterer at det er vanskeleg å varsle presist for kvar enkelt plass, sa han til VG onsdag.

Han er likevel ikkje sikker på at eit ekstremvarsel ville minska skadene i Utvik.

– Det er ikkje sikkert at lokalsamfunnet eller kommunen kunne ha gjort så mykje annleis, sjølv om vi hadde visst om vêret på førehand, seier beredskapssjef Stensvand til NRK.

Han seier at det kan hende at ting ville blitt sett i gang raskare, men at det ville vore vanskeleg å redde det som gjekk tapt i flaumen.

– Dersom vi skulle ha unngått desse skadene måtte vi ha begynt med store tiltak oppe i elvane. Det er vanskeleg å sjå for seg at dét ville blitt vurdert som fornuftig ut frå eit flaumvarsel.

Hos Meteorologisk institutt held dei no på å lage ei vurdering av korleis dei varsla nedbøren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.