Normal

Trur han har funne svaret på problema

OSLO (NRK): Øyvind Strømmen Kjerpeset har brukt dei siste dagane til å analysere treningsarbeidet sitt gjennom vinteren og våren. No kan han ha funne ut kvifor resultata har svikta i sesongopninga.

Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 200-meteren på Bislett

ANALYSE: Øyvind Strømmen Kjerpeset fekk ikkje fullklaff reint tidsmessig på 200-meteren på Bislett, men meiner kroppen er tilbake på det rette sporet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har sett på treninga mi i forhold til kva eg gjorde framfor 2013-sesongen, og samanlikna meg med treninga til Johan Wissmann. Det viser seg at eg har trent enormt mykje, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Han har akkurat sprunge inn til tida 21.62 på 200-meteren i forstemnet til Bislett Games. Det er berre så vidt betre enn det han presterte på samme distanse i Florø for fem dagar sidan.

Men: Kroppen gav endeleg positiv respons. Og det er det viktigaste no.

– Eg snubla litt i det tredje steget ut frå start, og mista sikkert litt der. Så alt i alt er eg nøgd. Det kjennest betre no, seier han.

Konkluderer med at han har trent i meste laget

Kjerpeset fekk fjoråret øydelagt av skade, men fekk trent godt gjennom vinteren og våren. Alt tyda på at han skulle klinke til i sesongopninga på 400-meter hekk i Florø, og han snakka ope om sjansane sine til å kvalifisere seg til VM.

På heimebane enda det derimot med fall på den siste hekken på 400 hekk, og han var skuffa over seg sjølv etter 200-meteren.

No kjenner han derimot at kroppen er i ferd med å lystre igjen.

– Analysen min syner at eg har trent 30 prosent meir enn før. Eg har trent over 40 prosent meir enn den nordiske rekordhaldaren Wissmann. Eg har nok vore litt overivrig, konkluderer Florø-sprinteren.

Håpar storformen kjem i sommar

Etter deltakinga i Florø har Kjerpeset berre trent to rolege økter. Han har planar om å leggje lista litt lågare også i tida som kjem. Håpet er at kroppen skal finne seg sjølv igjen.

Og at overskotet skal komme. Då kan han også bli høgaktuell for VM til hausten.

– For to år sidan trente eg lite på sommaren, og då fann eg verkeleg toppformen. Det hadde vore kjekt om eg klarte det igjen, seier Kjerpeset.

Vegopning på Bergum i Førde kommune