Hopp til innhold

Politikarane i Naustdal trur gruvesaka er avgjort

Politikarane i Naustdal trur gruveprosjektet i Engebøfjellet blir vedteke med eit knapt fleirtal. – Saka er nok avgjort, seier gruppeleiar Viggo Leikanger i Senterpartiet.

Engebøfjellet

ENGEBJØFJELLET: Nordic Mining vil ha gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er full splid blant politikarane om saka, og i går var gruppeleiarane samla til møte på ordføraren sitt kontor. Viggo Leikanger i Senterpartiet vil utsetje saka, men trur den allereie er avgjort.

– Det er steile frontar. Eg trur Arbeiderpartiet og Høgre vil trumfe denne saka igjennom, seier Leikanger til NRK.no.

Det er totalt 21 kommunestyrerepresentantar i Naustdal. Både Høgre og Arbeiderpartiet har seks representantar kvar. Dei to partia er samde om å gå for reguleringsplanen. Høgre har ein representant som har brote med resten av partigruppa. Dermed ser det ut til at saka blir avgjort med elleve mot ti røyster.

– Håpar dei tek til fornuft

Ap-ordførar Haakon Myrvang hadde tysdag kveld kalla gruppeleiarane inn til møte for å få eit størst mogleg fleirtal for dei omstridde gruveplanane. Leikanger var på møtet og er ganske trygg på at saka vil gå gjennom på kommunestyremøtet onsdag kveld.

– Det er lov å håpe at det er krefter i Høgre og Arbeiderpartiet som tek til fornuft, og at sunn fornuft sigrar over politisk prestisje, seier Leikanger.

Nordic Mining vil starte gruvedrift i Engebøfjellet og dumpe mange hundre tonn steinmasse i Førdefjorden i 50 år framover.

Meiner prosessane har vore forhasta

Gruppeleiar Harald Kvame i Høgre var på møtet med ordføraren og dei andre gruppeleiarane. Han håpar og trur at saka går gjennom i kommunestyret onsdag.

– Eg føler at det politiske landskapet er ganske oversiktleg, og det der ut som at planane blir vedtekne, seier Kvame til NRK.no.

Senterpartiet (5), Kristleg Folkeparti (2), Sosialistisk Venstreparti (1) og Raudt (1) vil utsetje saka fordi dei meiner dei politiske prosessane rundt planane har vore forhasta og dårlege.