NRK Meny
Normal

Meiner Leikanger burde fått ordføraren

SOGNDAL (NRK): – Sogndal har gjort for dårleg forarbeid for at andre kunne sjå kva gode dei kunne fått i ein storkommune.

Geir Ove Lyngset og Charlotte Bringe

SKUFFANDE: Geir Ove Lyngset røysta for storkommune, medan Charlotte Bringe frå Luster er skeptisk. Begge er likevel skuffa over låg oppslutnad på folkerøystinga i Sogndal. – Eg trur kanskje dårleg forarbeid frå kommunen, og at folk kanskje er for travle med å gjere seg opp ei meining for å gå å røyste, seier Bring.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det meiner Geir Ove Lyngset, ein av berre 1.552 røystande sogndøler, som i går såg innbyggjarane i Vik og Leikanger snu ryggen til ein storkommune med Sogndal.

Balestrand derimot, har eit knapt fleirtal for storkommunen.

Dette blir vanskeleg for politikarane, for det spriker i alle retningar. Nokre vil utover fjorden, andre innover og Sogndal vil samle men ikkje med den fire kommuners konstellasjonen.

Ja-røystar i Leikanger

– Eg meiner ein ordførar burde vore plassert i Leikanger. Skal ein ha ein storkommune, så bør ikkje det sterkaste senteret få absolutt alle funksjonar. Eg tykkjer ikkje at det er løye at dei er meir skeptiske lenger ute i fjorden, seier Lyngset.

– For mykje press

Sjølv var han blant dei 25 prosent røysteføre sogndølane som gjekk til valurna for å gje politikarane sitt råd om kommunereforma.

Eg tenkjer at folk kanskje ikkje heilt har teke innover seg følgjene av kommunereforma, med reduserte inntekter, og ser meir på lokal identitet som teljande.

Kvinne på gata i Leikanger

Han meiner valdeltakinga er skuffande låg, men engasjementet og resultata i nabokommunane overraskar han ikkje.

Kari Sunneva Båtevik og Anna Lovise Sætre

RØYSTA IKKJE: Verken Kari Sunneva Båtevik og Anna Lovise Sætre røysta i går. – Eg trur politikarane kanskje har bestemt seg for kommunesamanslåing eller ikkje, uansett resultat i folkerøystinga, seier Båtevik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg trur folk er litt redde for å miste funksjonar til Sogndal på sikt. Samstundes har det vore litt for dårleg frå sentralt hald ved Sanner og kompani. Det er blitt litt for mykje press og folk er eigentleg nøgde slik det er i dag, seier Lyngset.

Skuldar på prosessen

Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap) er samd med Lyngset. Men frykta for å bli salderingspost til fordel for tenester i Balestrand og Vik er ikkje einaste årsaka til at innbyggjarane i Leikanger sa nei.

Eg tykkjer ordføraren sette godt ord på kvifor. Det er nok slik vi følte det, og tryggast og best å røyste slik.

Nei-røystar på gata i Leikanger

Også han meiner at kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har skremt fram skepsisen.

Jon Håkon Odd

IVRA: Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger er glad for eit klart svar frå innbyggjarane, sjølv om det ikkje vart svaret han håpa på.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det skuldast mykje prosessen frå sentralt hald. Det har vore ei kommunereform prega av tvang, truslar om tvang og stor uvisse om kva som er realitetane om kva ei samanslåing vil bety for innbyggjarane i ein storkommune, seier han.

Kan overprøve nei

Leikanger si negative haldning til ein storkommune er det som står att som måndagens store overrasking. Kommentator Per Arne Tveit meiner fylkesmannen no får ei vanskeleg oppgåve i det vidare arbeidet.

Samstundes minner han om at fylkesmannen kan overprøve folkerøystingar.

– Formelt sett har du eit ja i Balestrand, eit ja i Sogndal og eit inneklemt nei i Vik. Ut frå slik kommunereforma har vore til no, så kan ein overprøve Leikanger sitt nei utan å gå på akkord med signala frå departementet, seier han.

Eg røysta for storkommune. Det er er mest realistisk i framtida.

Arild Fet, Sogndal
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.