Hopp til innhold

Nordic Mining trur fortsatt på gruvedrift med sjødeponi

Nordic Mining presenterte onsdag resultata av tilleggsundersøkingane for Engebøprosjektet. Han trur framleis på gruvedrift med sjødeponi, sjølv om han møter tøff motstad frå fleire hald.

Informasjonsmøte, Nordic Mining

GIR IKKJE OPP: Direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, fastheldt at Engebøprosjektet vil gje mange arbeidsplassar og han har stor tru på deponiplanane - trass i sterk motstand.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Nordic Mining ønskjer å starte gruvedrift i Engebøfjellet, med tilhøyrande sjødeponi i Førdefjorden. Det er meir enn eitt år sidan Klima- og miljødepartementet kravde tilleggsundersøkingar av straummålinga i fjorden.

No har dei lagt fram dei nye undersøkingane, men det er svært delte meiningar om resultatet viser at sjødeponiet er forsvarleg eller ikkje. Nokre er uroa for miljøet, andre håper på fleire arbeidsplassar i området.

Kritisk for miljøet

Lars Haltbrekken

KRITISK: Lars Haltbrekken vil stanse prosjektet så snart som mogleg.

Foto: Ola Helness

Leiar for Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, er blant kritikarane.

– Dette viser at det planlagde gruveprosjektet på Engebø bør stansast med det same, seier han.

Haltbrekken er ikkje i tvil om at dette prosjektet vil få store negative konsekvensar for alt levande liv i eit stort havområde. Han fryktar også at slammet ifrå gruveselskapet vil spreie seg over eit mykje større område enn det Nordic Mining sjølv seier.

Haltbrekken baserer dette på erfaringar med liknande dumping av avfall i Bøkfjorden i Finnmark.

Han viser også til at både Havforskingsinstituttet og Fiskeridepartementet framleis er kritiske til Engebøprosjektet etter dei ferske tilleggsundersøkingane vart lagt fram. Havforskingsinstituttet skriv følgande:

Ivar S. Fossum fortel

ENGASJERT: Ivar S. Fossum snakkar dei som bur i området.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

«Man undervurderer strømhastighetene i modelleringen og dermed spredningspotensialet for gruveslam, man undervurderer fjordens betydning for fisk, man undervurderer partiklers påvirkning på fisk og bruker for høye grenseverdier for negativ påvirkning, man undervurderer fjordens biologiske mangfold, samtidig som metodikken ofte ikke er egnet til noen konklusjoner i det hele tatt.»

Ivar S. Fossum i Nordic Mining seier det var forventa at Naturvernforbundet, Havforskingsinstituttet og Fiskeridepartementet framleis er negative til prosjektet.

– Det er eg ikkje overraska over. Dei har hatt ei veldig prinsipiell haldning mot sjødeponi heile tida, seier han etter informasjonsmøtet er avslutta.

Ingvar T. Myrvollen

POSITIV: Ingvar T. Myrvollen vil ha enda fleire arbeidsplassar i fylket.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Nye arbeidsplassar i fylket

Fylkessekretær Ingvar T. Myrvollen er einig i at prosjektet vil vere positivt for lokalområdet. Myrvollen meiner det no er veldig grundig undersøkt over fleire år, og at dei siste målingane er tryggande med tanke på naturen.

– Vi ser mange moglegheiter for arbeidsplassar og utvikling, seier han.

Alvar Melvær er skeptisk til om Nordic Mining og Engebøprosjektet vil skaffe fleire arbeidsplassar til lokalbefolkninga.

Alvar Melvær lyttar

SKEPTISK: Alvar Melvær lyttar på resultata frå dei nye undersøkingane.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

– Eg veit ikkje om dei tenkjer seg at det å knuse stein ute i Engebøen skal vere eit godt tilbod til våre høgt utdanna ungdommar. Kvar har dei tenkt å skaffe arbeidskraft? Kvar har dei tenkt å plassere brakkeleirane?

Fossum seier dei stadig blir kontakta av unge som lurer på korleis dei skal gå fram for å få jobb når prosjektet startar opp.

– Det å knuse stein i dag er ein avansert industri. Det er ikkje berre å knuse stein. Du skal planlegge mykje og foredle eit mineral til eit høgverdig produkt. Det inneber mykje teknologi, kompetanse og ein arbeidsstokk med stor variasjon, svarar Fossum.