Papirbokas død har vore spådd i alle år, seier forlagssjef Simone Stibbe i Skald.
– Det viser seg at boka er eit medium folk vender tilbake til. Eg føler det er ein trend at folk vil vere meir nett- og skjermfrie og vende litt meir tilbake til boka. Eg trur vi har kome over det verste, og at pilene peiker oppover igjen.
Ikkje uroa
Ho er ikkje uroa for at ho ser slutten på eige forlag. Likevel, også Skald merkar dei tøffe tidene for papirboka.
– Boka har fått konkurranse av andre medium. Det har vi stelle oss til i ti år – minst. Der vi tidlegare kunne selje 2000 eksemplar, slit vi kanskje no med å selje 500. Det gjeld i dei tradisjonelle nisjane Skald har operert i, med lokalbøker og nynorsk sakprosa, seier ho.
Men Stibbe seier det alltid har vore bølgedalar og toppar i bransjen, og at dei har greidd seg.
– Vi har prøvd å vere oss sjølve i staden for å henge med i ein trend.
Nisje
Også dagleg leiar Torkjell Djupedal i Selja forlag trur det er fornuftig for dei noko mindre forlaga å ha ein tydeleg profil. Sakprosa, dokumentarbøker, Vestlandet og nynorsk er stikkord for forlaget. Skjønnlitterære utgjevingar har dei færre av.
– Vi har ein nisje vi har greidd oss bra med i mange år. Eg har framleis tru på at det skal gå bra, så lenge vi lagar gode og relevante bøker, seier Djupedal.
Men også Selja merkar nedgangen i boksalet.
– Vi merkar at det er vanskelegare å nå fram med papirbøker. Det er så mange medium og konkurrentar, og døgnet har framleis berre 24 timar.
Men andre ting enn skjermar, e-bøker og lydbøker utfordrar papirboka, meiner han.
– Bokbransjen har kome i ein situasjon på sals- og bokhandlarsida, der dei må ta seg på tak og forstå at bøker er mangfald, seier Djupedal.
Har overlevd før
Han meiner mange bokhandlarar er for kjedestyrte og toppstyrte, og at det resulterer i at butikkane blir for like.
– Våre bøker høyrer til ein plass, på Vestlandet, då er vi avhengige av å nå ut i vårt område.
Om framtida til papirboka seier han dette:
– Papirboka har overlevd mange medierevolusjonar. Eg trur aldri den vil forsvinne heilt. Men eg trur papirboksalet og talet bokhandlarar vil gå ned, og distribusjonskanalane endre seg. Då gjeld det å henge med i svingane for å få fram bøkene våre, og det trur eg vi skal greie.