Hopp til innhold

Slik gjekk det då Ann sitt hus skulle reinsast for spøkelse

– Me har merka ei klar auke i folk som ber om hjelpa vår, seier Kari Margrete Rønning. Ho arbeider som såkalla «medium» og hjelper folk å bli kvitt gjenferd i heimen.

Created by InfoDispatcher

VIL HA FRED: Huseigar Ann Selnes frå Høyanger er lei av å føla at ho deler huset sitt med fleire enn familien. No har ho skaffa hjelp til å kvitta seg med spøkelsa. Foto/redigering: Tor-Erik Humlen

Ein lettare desperat huseigar Ann Selnes møter oss i døra til eit lite kvitt hus i Høyanger, tilsynelatande koseleg som ein kopp kakao. Tilsynelatande.

Sanninga er at familien i huset er så plaga at Ann har vurdert å finne ein ny stad å bu om ting ikkje betrar seg. Ho er uroa, særleg for dottera si, som ho trur opplever mykje ho ikkje kan setja ord på.

– «Dame!» seier dottera mi på to, og peikar ut i rommet. Men eg ser ingen der. Sonen min ser òg ting. Men han tykkjer berre det er spanande ...

Ann tykkjer ikkje det er fullt så spanande. Iskalde gufs, lyspærer som ryk, gjenstandar som forsvinn og flyttar på seg, og dører som smeller.

– Me vil ha dette huset for oss sjølve. Me vil vera her i fred.

Ann Selnes

Det byrjar gå på nervar og tolmod laust. No har ho hyra inn profesjonell hjelp for å bli kvitt det som plagar familien.

Sprøtt å tru på spøkelse?

Å tru på spøkelse er ikkje så sprøtt som ein skulle tru, viser det seg. I ei undersøking frå 2013 svarer 52 % av britar at dei trur på gjenferd. Samanlikna med tidlegare tal så er dette ein kraftig auke ifølge forskarane, som vidare meiner stort fokus på det overnaturlege i media kan forklara mange av funna deira.

NRK har ikkje vore i stand til å oppdriva liknande statistikk frå Norge, så tala vert brukte med atterhald om landsskilnader.

I tillegg til at over halvparten av dei spurde svarte at dei trur på spøkelse, så melder ein av fem å sjølv ha hatt personlege opplevingar av overnaturleg art.

Den plaga huseigaren i Høyanger er med andre ord ingen statistisk raritet. Men lei av ubedne gjester, det er ho.

– Me vil ha dette huset for oss sjølve. Me vil vera her i fred, seier ho.

Løysingane ho håper på heiter Eldbjørg Grytten og Kari Margrete Rønning. Dei kallar seg begge medium, og har fleire års erfaring med såkalla «husrens». Dette går ut på å hjelpe sjelene til avdøde menneske til å kome seg over «den andre sida», slik at dei sluttar å plage folk.

Ann viser oss rundt i huset, og fortel om opplevingane sine i dei forskjellige romma.

– Særleg her på vaskerommet får eg ei ubehageleg kjensle, som om nokon er her med meg, seier ho, og viser korleis ho sit med ryggen til rommet når ho legg klede i vaskemaskinen.

Etter omvisinga må ho forlate huset. Media er her kvar augneblink, og dei vil ikkje ha huseigar der medan dei arbeider.

Fullt hus

To fargerike damer stig inn i stova og smiler breitt. Å jage spøkelse ser ikkje ut til å vera ei alvorstyngd oppgåve. Men tonen endrar seg kjapt når dei skrir til verket.

– Her står det nokon. Kjenner du det Kari? Ei dame, ei bestemt dame. Sjefen på kjøkenet.

Eldbjørg lukkar augo i konsentrasjon. Dei diskuterer inntrykka sine litt, og går så vidare. Finkjemmer alle rom.

Eldbjørg Grytten og Kari Margrete Rønning

HUSARENS: (F.V.) Eldbjørg Grytten og Kari Margrete Rønning kallar seg medium, og tilbyr hjelp til å reinse heimsøkte hus for sjelene til avdøde folk.

Foto: Tor Erik Humlen / NRK

Og her er det fullt hus, om ikkje stormande jubel. Både kjøken, kjellar, loft, soverom og bad har avdøde bebuarar ifølgje damene.

– Kjenn kor kaldt! For ein energi! Kari reagerer kraftig på den mørke kjellaren.

Kari er einig, og dei tek seg god med tid på å gyse rundt i den kjølige steinkjellaren før dei seier seg nøgde.

Etter saumfaring set dei seg ned for å samla sjelene og be dei forlate huset.

Det heile går føre seg på stille og roleg vis, og damene understrekar at det vil ta ei tid før familien merkar betringane.

Me bles ut stearinlysa Ann hadde tent for koseleg stemning, og lukkar døra etter oss når me går.

–Ingenting tilseier at dette er sant

Leiar i Human-Etisk Forbund i Førde, Thor Mehammer, meiner det å tilby folk hjelp til å kvitte seg med spøkelse er tvilsam handel. Samstundes går han med på at det er umogleg å avkrefte at uforklarlege fenomen eksisterer.

– Det går ikkje an å avkrefta at Gud finst, og det går heller ikkje an å avkrefta at spagetti-monster finst, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thor Mehammer

STERKT SKEPTISK: Leiar i Human-Etisk Forbund i Førde, Thor Mehammer meiner at såkalla 'husrens' er tvilsam butikk.

Foto: Elias Engevik / NRK

«Dama borte!»

Tre veker seinare på telefonen med huseigar Ann Selnes:

– Hei Ann! Dette er NRK som ringjer for å høyre korleis det går med spøkelsa dine etter husrensen?

– Hehe ... neeei ... Me har vel ikkje merka stort. Forresten, her om dagen sa faktisk dottera mi på to år «dama borte!». Det var litt sprøtt. Og så har kjensla av at eg må springe opp kjellartrappa forsvunne. Det er fint.

– Har du merka deg noko anna etter besøket til dei to damene?

– Tja ... Dei sa jo at dei hadde merka ei dame på kjøkenet. Dei skildra utsjånaden hennar, og hadde fått opp to forbokstavar. Ho som budde her like før me flytta inn heitte hadde eit namn som samsvara med dei to initialane, seier Selnes, og legg til:

– Eg fortalde ikkje om henne på førehand, men ho såg ut nett som den dama dei beskreiv. Og ho døydde i ein stol her i stova …