- Vi trur det er den sakna vi har funne, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge til NRK Sogn og Fjordane. Det er ikkje meldt om andre sakna i området.
Kvinna vil rutinemessig bli obdusert i løpet av tysdag. Lensmann Nils Ove Roset sa måndag morgon at dei ikkje har mistanke om at kvinna har vore utsett for noko kriminelt.
Funnen frå båt
Funnet vart meldt klokka 13.42 måndag. Kvinna vart funnen ved søk frå båt. Den storstila leiteaksjonen vart rett etterpå avslutta.
Den 62 år gamle kvinna frå Hestenesøyra i Gloppen vart meldt sakna laurdag ettermiddag. Gjennom heile helga og fram til ho vart funnen leita store mannskap etter kvinna.
Måndag deltok kring 60 personar frå Røde Kors, Sivilforsvaret og politiet i leitinga. I tillegg vart det også sett inn redningsdykkarar i søket.