NRK Meny
Normal

Trur det vert enkelt å reversere fylkes­samanslåinga

Liv Signe Navarsete og Senterpartiet har ikkje gitt opp kampen om at Sogn og Fjordane skal få halda fram som eige fylke.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide

Sjå heile utspørjinga av Liv Signe Navarsete.

Val

– Nei, kjem det kontant frå stortingskandidat for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, på direkte spørsmål om Hordaland og Sogn og Fjordane bør bli eitt fylke.

8. juni vedtok Stortinget eit fleirtal i Stortinget at Hordaland og Sogn og Fjordane vert eitt fylke frå 2020.

Men representantar både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har lova ei reversering av vedtaket, om dei dannar regjering etter valet 11. september.

7. juni i år sa representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti eit tydeleg nei til eit stort Vestlandsfylke, sjølv om dei stemte ja då saka vart avgjort i Fylkestinget.

– Jonas var litt uheldig

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete

Foto: NRK

I førre veke var Ap-leiar Jonas Gahr Støre ute i Bergens Tidende og sa at samanslåing av fylka ville bestå, om han vert statsminister etter valet.

– Jonas var litt uheldig då han uttala dette. Ap stemte mot i Stortinget, og Ap lokalt har eit representantskaps­vedtak på at det skal løysast opp. Og han var raskt ute å korrigerte seg i ettertid, seier Navarsete.

– Eg trur dette er eit av dei spørsmåla som ikkje vil vera blant dei mest vanskelege om vi vinn valet og dannar regjering i lag, legg ho til.

For torsdag ettermiddag var partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, ute med ei presisering.

– Stortingsfleirtalet, Høgre, Frp, Venstre og KrF fatta eit vedtak om samanslåing, det er vedtaket som per i dag står fast. Eit initiativ om å gjere om vedtaket må i tilfelle komme frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane sjølv, skreiv ho i ein e-post til NRK.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy