Hopp til innhold

I dag får stortingsbenken kravet: Få barnehus til fylket

– Argumenta for å få eit barnehus til Sogn og Fjordane er mange og gode, meiner fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Barnehuset Hamar

FLEIRE: Regjeringa ynskjer å auke løyvingane til barnehusa, og fleire krefter vil jobbe for å få eit slikt tilbod til Sogn og Fjordane.

Foto: Brenden, Jo E. / SCANPIX

– Det er veldig lange avstandar, noko som er særs belastande. Det er veldig krevjande for dei det gjeld. Så vi bør vere av dei første som får barnehus no, seier fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

Rådmannsutvalet i fylket har nyleg gått inn for å få saka om etablering av barnehus i fylket opp til politisk handsaming. Og forslaget får støtte, for allereie i dag vert saka teken opp i møte med stortingsbenken.

Forventar auka bruk

Born og unge som er utsette for eller vitne til vald eller overgrep, skal avhøyrast ved eit av ti barnehus i landet. For born i Sogn og Fjordane betyr det at dei må reise mellom tre og seks timar kvar veg, enten til Ålesund eller Bergen.

Frå oktober er kravet om avhøyr ved barnehus innskjerpa, og lovendringane gjer også at ein forventar ein auke i slike avhøyr på 20 prosent.

– Det er eit prekært behov for å få etablert eit barnehus her, og det står eit samstemt Sogn og Fjordane bak, seier Følling, som også er fylkesleiar i KS, der saka også har vore på saklista.

Jenny Følling og Åshild Kjelsnes

HÅPAR: Både fylkesordførar Jenny Følling frå Sp og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes frå Ap, meiner argumenta for å få eit barnehus til fylket er gode.

Foto: Bård Siem / NRK

Trur på løysing

Kvart år er det kring 50 saker der born og unge frå fylket må reise til Ålesund eller Bergen for å bli avhøyrd i saker om seksuelle overgrep og vald. Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet har stor tru på at denne saka er noko alle dei politiske partia i fylket stiller seg bak.

– Dette har eg håp om at ein kan få til tverrpolitisk semje om. Arbeidarpartiet har hatt dette på dagsorden, og eg inviterer alle parti til at vi tek ein offensiv på dette, seier ho.

Regjeringa har i forslag til statsbudsjett auka løyvingane til Statens barnehus med 15 millionar kroner.

– Eg trur vi har gode sjansar, for det er lange avstandar for våre born og unge. Det er ikkje bra for rettstryggleiken for born og unge, seier Kjelsnes.