Hopp til innhold

«Det altoverskuggande for familien er at dei har mista det kjæraste dei hadde»

At den trippeldrapstiltalte no er død, endrar ikkje noko på sorga og tragedien for familien til Margaret Molland Sanden. 19-åringen var ein av dei tre som blei drepne om bord i Valdresekspressen.

Valdresekspressen, Margaret Molland Sanden

BLEI DREPEN: Margaret Molland Sanden (19) var på veg tilbake til Oslo og studiar, då ho blei drepen om bord på Valdresekspressen 4. november i fjor.

Foto: Cornelius Poppe / Privat

Det seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå, og legg til at dei pårørande etter Margaret Molland Sanden ikkje ynskjer å kommentere dødsfallet konkret.

– For dei er det viktig å få fram at dette ikkje inneber noka endring for dei. Det som er altoverskyggande for familien er at dei har mista det kjæraste dei hadde, og dei håpar at det framleis vil vere hovudsaka, seier Ravnå.

– No blir det ikkje rettssak. Korleis ser de på det?

– Vi må halde oss til at slik er det. Det som må vere hovudfokus no er å gje dei ei så god avslutning som mogeleg på straffesaka, på den måten at dei får svar på dei spørsmåla dei har og få belyst dei tema som det ville ha vore naturleg å få belyst under ei hovudforhandling. Vi er i dialog med påtalemakta om det.

Vonar å få svar på spørsmåla

Ho vonar at familien til Margaret Molland Sanden vil få svar på alle spørsmåla dei har etter tragedien, sjølv om det no ikkje blir ei hovudforhandling i tingretten.

– Etter mi oppfatning får vi forhåpentlegvis svar på dei spørsmåla på same måten som vi ville ha fått det under ei hovudforhandling. Det einaste som er endra er at vi ikkje kan få forklaring frå den sikta. Ut frå det som har vore til no i saka er det usikkert om vi uansett ville ha fått det i ei hovudforhandling, seier bistandsadvokaten.

– Kan bli ei gransking

Mannen frå Sør-Sudan, som var tiltalt for dei grusome drapa på Valdresekspressen 4. november i fjor, var i ein behandlingssamtale då han klarte å komme seg ut av rommet – og hoppa utfor.

– Det er liten tvil om at dette vil utløyse ei politietterforsking. Det er det også krav om i påtaleinstruksen til politiet. Her vil politiet måtte gå inn i sjekke kva som skjedde då mannen fall frå dette taket. Sjølv om dødsårsaka verkar klar, så er det krav om obduksjon. Det kan også bli ei gransking av Kriminalomsorga, seier leiar for NRK sin krimredaksjon, Olav Rønneberg.

Bergen fengsel

DØYDDE: Den trippeldrapstiltalte hoppa utfor eit tak i Bergen fengsel. Onsdag døydde han av skadane.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Har forsøkt å skade seg før

– Kva seier det som skjedde om rutinane rundt denne personen?

– Normalt er jo rutinane i norske fengsel ganske gode, og det er sjeldan vi høyrer om slike hendingar. Også det må granskast nærare no. Dette var jo ein person som også hadde forsøkt å skade seg tidlegare utan å klare det. Det er klart at ei slik gransking også må sjå på kva rutinar ein hadde for å passe på han for å hindre at han skada seg sjølv, seier Rønneberg.

– Denne saka både er og har vore ei tragisk sak for alle partar, og eg kan berre konstatera det som no har skjedd, utover det har eg ingen kommentar til sjølve dødsfallet, seier ordførar Arild Ingar Lægreid til Sogn Avis no i ettermiddag.


To psykologar og tre betjentar var saman med den tiltalte då han for to veker sidan klarte å kome seg opp på eit tak, og hoppa utfor.

– Etter ei tid klatrar den tiltalte opp på taket av fengselet og hoppar. Han var litt i kontakt med dei som stod nede og prøvde og overtale han til å kome ned på ein trygg måte. Men etter kort tid hoppa han, sa Leif Waage i Kriminalomsorgen Vest til NRK.

Vurderer å undersøke saka

Tilsynsrådet for Kriminalomsorga i region Vest var nyleg på eit umeld besøk i fengselet, og bad då spesielt om å få snakke med den trippeldrapstiltalte.

– Vi spurte om han hadde noko han ville ta opp med oss. Det hadde han ikkje, seier leiar for tilsynsrådet, Svein Opdahl.

– Det er for tidleg å si om vi vil gå inn og undersøke denne saka, seier leder av tilsynsrådet for Kriminalomsorgen region Vest, tingrettsdommar Svein Opdahl.