Hopp til innhold

Trur det gøymer seg fleire skattar

Arkeologar har gjort unike funn frå 400-talet på Bø i Stryn. No trur dei at det gøymer seg endå fleire skattar i same område.

Utgraving i Stryn

UTGRAVING: Arkeologane held på med utgraving på Bø på austsida i Stryn kommune. Dei trur at det finst fleire gøymde skattar i området.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fylkesarkeolog Glenn Heine Orkelbog seier det er fleire område som ein ikkje har grave i, der det truleg er mykje spennande å finne.

Denne veka vart det kjent at det er avdekka ein tingstad frå 400-talet på Bø. Plassen var oppdaga under graving i samband med eit vegarbeid, og arkeologane seier funna er svært unike.

– Dette er ganske unikt i Sogn og Fjordane. Eg trur det er einaste staden i Norge der vi har så mange element samla. Denne vi har funne i Stryn stammar truleg frå 400–500 år etter Kristus og det er veldig tidleg, sa forskar og arkeolog Søren Diinhoff ved Bergen Museum til NRK.no tidlegare denne veka.

Og no kan det altså vere endå meir spennande graving i vente. Heine Orkelbog seier det førebels ikkje er aktuelt å grave ut desse områda no, men at dei vil lage ein såkalla lokalitetsavgrensing for å vise kva ein trur finst i området.

– Dette gjeld nokre parti ned mot elva, på nedsida av bautaen vi har funne. Der trur vi det er funn av tilsvarande karakter som vi har funne allereie. Altså graver, fleire stolpehol etter bygningar og naust, og kokegroper, seier Heine Orkelbog til NRK.no.

Stryn kommune har allereie varsla at dei vurderer å lage til eit besøkssenter ved tingstaden. Det meiner Heine Orkelbog er bra.

– Det er flott at dei ser verdien av dei kulturminna dei har liggjande, seier han.

Video Utgraving i Stryn