Trur det blir tøft for kommunane å få ansvar for rus og psykiatri

– Det kan bli vanskeleg for kommunane å bli klare til å ta over ansvaret for øyeblikkeleg hjelp innan rus og psykiatri frå 2017, seier fylkesleiar i KS, Harald Offerdal.

Harald N. Offerdal

KNAPP TID: Fylkesleiar i KS, Harald Offerdal, meiner kommunane har fått for dårleg tid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er fire år sidan samhandlingsreforma vart innført, og kommunane fekk då større ansvar for pasientar. Frå neste år er dei også pliktige til å gje strakstilbod innan rus og psykiatri.

– Det kan sjå ut som om at kommunane har fått for kort tid. No kom Stortingsmeldinga om dette i mai 2015, og Stortinget handsama saka den 12. november i fjor, så kommunane har ikkje hatt meir enn tida og vegen, seier Offerdal.

Har hatt tid

Trond Aarre

HAR HATT TID: Trond Aarre er leiar for ved Nordfjord psykiatrisenter.

Foto: Helse Førde

– Ein har jo etablert desse løysingane for andre pasientgrupper i heile fylket, og treng ikkje alltid tenke at alt som har med rus og psykiatri å gjere er så frykteleg spesielt, seier Trond Aarre, som er leiar ved Nordfjord psykiatrisenter.

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen Kjersti Toppe meiner kommunane ikkje er budde på dette, og kallar innføringa uansvarleg. Aarre på si side meiner at kommunane både har hatt tid og gode mogelegheiter for å etablere eit godt tilbod for øyeblikkeleg hjelp innan rus og psykiatri.

– Det å ta utgangspunkt i dei ressursane som alt er sett av, og kanskje spisse kompetansen litt kunne kanskje vere ein grei måte å kome i gang på, seier Aarre.

Treng avklaringar

Kommunane veit framleis ikkje korleis dei skal finansiere øyeblikkeleg hjelp innan rus og psykiatri, som dei får ansvar for frå 2017.

– Det ligg ein del ting her som ikkje er heilt avklart, mellom anna med finansieringa og kor mange vi snakkar om, seier Offerdal.

– Kva tilbod ser kommunane føre seg?

– No er det sett ned ei arbeidsgruppe i regi av KS, kommunane og Helse Førde. Dei har vel konkludert med at ein kan løyse det innanfor ordninga med øyeblikkeleg hjelp i somatikken. No ska skal arbeidsgruppa sjå på korleis ein skal løyse det reint praktisk, seier Offerdal.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.