Trur det blir tidenes soppsesong

Skogen er full av sopp og det ligg an til å bli tidenes sopphaust. – Folk må ut av godstolen og inn i skogen, seier soppekspert.

Anita Strømmen

SOPPELSKAR: Anita Strømmen brukar mykje tid i skogen når det er soppsesong.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Her inne trur eg det må vere litt sopp, seier Anita Strømmen. Ho er på veg inn i ein liten granskog ved fjorden i Selje i Nordfjord. Strømmen er ein lidenskapleg sopplukkar og brukar mange timar i skogen på denne tida av året.

Ho må ikkje gå langt før det dukkar opp sopp av ulikt slag mellom barnålene som dekker bakken.

På sopptur

FALSK KANTARELL: Det er lett å la seg lure av denne soppen som liknar på kantarell.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg trur dette kan vere kantarell, men eg er ikkje heilt sikker, seier ho og held opp ein stor, oransje sopp med ujamne kantar.

Sopptember

Wenche Eli Johansen er soppsakkunnig og no er favorittmånaden hennar i gong. Sopptember kallar ho den. Johansen seier skogen er full av sopp etter gode veksttilhøve den siste tida.

– Folk bør komme seg ut av godstolen og inn i soppskogen. Det er no det er matauk, oppmodar ho.

Når soppsesongen startar, legg Johansen av garde i bubilen sin for å halde soppkurs og soppkontroll. No er ho i Sogn og Fjordane før resten av Vestlandskysten står for tur.

Wenche Eli Johansen

KURVEN FULL: Skogen er full av sopp av alle slag. Nokre er nydelege matsoppar, medan andre kan vere dødeleg giftige. Wenche Eli Johansen kjenner dei fleste sortane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Då ho får sjå soppen som Anita Strømmen har plukka, kan ho raskt fortelje at det ikkje er kantarell.

– Dette er ein falsk kantarell. Den er ikkje farleg, men ville gitt deg ein skikkeleg magesjau om du åt den.

Soppen som Strømmen har plukka, har skiver på undersida av hatten. Ein ekte kantarell har ribber.

– Tidenes sopphaust

Leiar Harald Eriksen i Sunnfjord Sopp- og nyttevekstforbund er soppkontrollør. Han seier årets soppsesong ligg an til å bli tidenes beste.

Harald Eriksen

NØGD: Harald Eriksen gler seg over den gode sopphausten.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Då me fekk regn, rekna eg at det skulle bli ein god sesong. Det er utruleg variasjon og veldig mykje sopp i skogen no.

Ein lang, tørr sommar og deretter nedbør gir gode vekstforhold for soppen. Dette har også gjort at det er mykje falsk kantarell i skogen i år, ifølgje Eriksen.

Viktig å sjekke soppen

Ein falsk kantarell skremmer ikkje Anita Strømmen frå å leggje ut på sopptur igjen.

– Eg har vore interessert i dette sidan eg var ung. Det var ei lita stund eg ikkje plukka så mykje, men no har eg teke det opp att og ønskjer å lære meir.

Steinsopp, kantarell, traktkantarell, brunskrubb og rødskrubb. Liista over soppane som Strømmen plukkar er lang. For å sjekke om soppen er etande, brukar ho ei soppbok og mobilappen som soppforeininga har laga. Der finn ho god hjelp.

– Det er viktig å forsikre seg om at ein plukkar rett sopp, seier ho.

Soppsakkunnig Johansen oppfordrar folk til å forhøyre seg med ein som ho, dersom ein skulle vere i tvil om soppen ein har plukka er etande.

Falsk kantarell

VIT KVA DU PLUKKAR: Det er viktig å vere sikker på kva sopp du plukkar. Om ein er i tvil, må ein søke hjelp hjå ein soppsakkunnig.

Foto: Harald kolseth / NRK