NRK Meny
Normal

Trur den neste bilen blir hybrid

FØRDE (NRK): Talet på hybrid- og elbilar aukar kraftig. Samtidig stuper salet av nye dieselbilar.

Idar Stadheim

ØNSKJER HYBRIDBIL: Idar Stadheim i Førde trur at dieselbilen blir bytta ut med hybrid neste gong han skiftar bil.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Mange bileigarar har allereie byrja å tenke kva type bil dei skal ha neste gong. Idar Stadheim i Førde som i dag har ein dieselbil, trur den neste bilen blir nettopp ein hybrid.

– Vi køyrer ganske lange distansar, så hybrid har eg tru på.

– Kvifor ikkje dieselbil?

– Eg veit ikkje heilt, men det kjem jo eit grønt skifte. I tillegg kjenner eg mange som har hybrid- og elbilar og dei skryt veldig.

VIDEO: Bilmessa i Førde er prega av dei nye trendane innan bil.

Og salstrendane viser at mange bilkundar tenkjer nytt. Til no i år har salet på hybridbilar passert 30.000, viser tal frå Opplysningrådet for Veitrafikken. Det er meir enn ei tredobling samanlikna med heile 2013. Også salet av elbilar har dobla seg i same tidsperiode, medan salet av diesel er meir enn halvert.

Bilmesse fangar opp trendane

Desse trendane har bilforhandlarane for lengst fanga opp. No blir innsatsen lagt på å profilere dei nye biltypane, som i Førdehuset der det i helga skal arrangerast bilmesse. 3200 kvadratmeter skal fyllast med skinande, nye bilar.

Frank Kirkebø

RIGGAR TIL MESSE: Frank Kirkebø i Bilgruppa i Førde seier miljøvennlege bilar får ei sentral plassering på bilmessa i helga.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Leiar i Bilgruppa, Frank Kirkebø, viser rundt og seier det ikkje er diesel- og bensinbilar som i år får dei beste utstillingsplassane.

– Vi vil vise fram det nyaste innan hybrid, for vi i bilbransjen har eit miljøansvar. Eg trur alle som er her, har hybrid og elbilar i sortimentet sitt.

Han fortel at dei fleste bilkundane vil ha meir miljøvennlege bilar.

– Kundane er bevisste. Hybridbilen er distrikta sin elbil. Du kan bruke el-delen til nær- og småkøyring og bruke drivstoff på langkøyring.

Sissel Reed

TRUR HO BYTER: Sissel Reed trur talet på diselbilar går ned fordi folk blir meir miljøbevisste.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Og nettopp småkøyringa er ein av grunnane til at Sissel Reed vurderer å skifte biltype neste gong. Det betyr at dieselbilen truleg blir skifta ut med ein meir miljøvennleg.

– Det var det vi skulle kjøpt sist også, både med tanke på miljø og økonomi. Vi bur i sentrum og køyrer stort sett her.

Lars Marius Storevik

DOMINERER: Lars Marius Storevik hos Toyota Førde seier at 95 prosent av nye personbilar dei selde i fjor, var hybrid.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Treigare bruktmarknad

Dei politiske signala om ei ny tid er tydelege. Norge har gått inn for å fase ut fossilbilar innan 2025.

Noko forhandlarane merkar på bruktmarknaden.

– Vi ser at salet av brukte dieselbilar går litt treigare. Nye dieselbilar sel vi nesten ikkje når det gjeld personbilar, seier bilseljar Lars Marius Storevik hos Toyota Førde.

– Kan vi komme i ein situasjon at prisen på dieselbilar på lågare?

– Mange fryktar det, men det er lite vi veit.

Dieselbileigar Idar Stadheim tenkjer ikkje så mykje over om han får dårlegare pris for bilen sin.

– Eg kjøpte han då staten ville ha folk til å kjøpe dieselbilar. No har vi fått indikasjonar på at vi skal tenkje annleis. Om prisen blir dårleg, så får eg berre svelgje det.