Hopp til innhold

Trur dei har forklaringa på det «uforklarlege» naturfenomenet

Meteorologisk institutt trur at eit trykkfall er forklaringa på det merkelege naturfenomenet langs norskekysten i helga. – Som om atmosfæren gjev havet ein dask, seier fagsjef Øyvind Breivik.

Svesundet i Bygstad

– Det var som å sjå Gaula flaumstor, men i staden for at vatnet rende ut fjorden, så kom det inn fjorden. Og det laga veldig med lyd, seier John Øvrebø som tok dette biletet i Svesundet i Bygstad.

Foto: John Øvrebø

Laurdag kveld vart fleire langs norskekysten vitne til eit uvanleg naturfenomen. Vasstanden endra seg raskt, og gjekk opp og ned fleire gongar. I Førde førte dette til skadar både på småbåthamna og fleire båtar.

Fagsjef Øyvind Breivik frå Meteorologisk institutt fortel at dei fleste stadar langs kysten frå Stavanger og kanskje så langt nord som Kristiansund opplevde raske forandringar i vasstanden på opp til 20 cm.

– Lokalt fekk det mykje større utslag, som til dømes i Førdefjorden med utslag på 2-3 meter og kraftig straum, seier han.

– Gjev havet ein dask

Fleire har spekulert i kva forklaringa på det merkelege fenomenet kan vere. Breivik trur han har svaret.

Oseanograf Øyvind Breivik om KNM Helge Ingstad

TRYKKFALL: Øyvind Breivik trur han har forklaringa på naturfenomenet laurdag kveld.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Vi trur at dette er eit vêrfenomen, og ikkje knytt til seismologi. Det er ikkje eit jordskjelv, men eit kraftig trykkfall i atmosfæren over kort tid i Nordsjøen.

Breivik fortel at det var kraftig torevêr i Nordsjøen laurdag ettermiddag, med fleire hundre lynnedslag. I samband med dette oppstod det raske trykkfall.

– Det vi trur er at dette raske trykkfallet har gitt ei forandring i havoverflata. Det er som om atmosfæren gjev havet ein dask, som set i gang ei bølgje som bevegar seg inn mot kysten.

– Kan ha vore eit skred

Ein av teoriane om fenomenet har vore at det vart forårsaka av eit jordskjelv. Breivik er nokså sikker på at dette ikkje er forklaringa då det ikkje vart registrert nokon jordskjelv i området laurdag. Det vart registrert eit skjelv fredag, men ifølgje Breivik kan ikkje dette forklare fenomenet.

– Ein tsunami bevegar seg som ein jumbojet i djupt vatn, og etter eit jordskjelv i Norskehavet vil den nå kysten av Noreg i løpet av kanskje ein time, seier han.

Volker Oye er avdelingsleiar for anvendt seismologi i NORSAR. Han er einig i at jordskjelv neppe er forklaringa på fenomenet. Samtidig trur han det kan finnast ei anna forklaring.

– Eit undervasskred kan ha vore årsaka, og det er mogleg at vi kan identifisere dette om vi undersøker dataa våre nærare. Men då treng vi meir tid, seier han.

Observert på Færøyane

Også utanfor våre landegrenser har det uvanlege fenomenet vorte lagt merke til. NRK har fått tilsendt ein video som viser korleis vasstanden endra seg i Tórshavn på Færøyane.

FÆRØYANE: I Tórshavn steig vasstanden raskt (FOTO: Hugo Joensen)

– Langt frå naturleg

Roger Nervik

ALDRI SETT: Roger Nervik har aldri sett liknande endringar i vasstanden.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ein av dei som vart vitne til fenomenet er Roger Nervik, som bur nær fjæra i Nærvika i Askvoll. Han fortel at vasstanden forandra seg svært raskt.

– Det gjekk frå full fjære, til full flo og tilbake til fjære, på om lag tre minutt. Ikkje berre éin gong, men heile kvelden.

– Kva tenkte du då du såg det?

– Eg sa til dei som var her at dette var langt frå naturleg. Dette har verken eg eller dei sett nokon gong.

Uforklarlig naturfenomen flere steder langs kysten

SJÅ VIDEO: Kurt Ask hadde nett lagt til kai då dei vart merksame på den uvanlege straumen i Tansøysundet i Flora. – Det var sikkert ein halvmeter skilnad i vassnivået frå utsida, til innsida av moloen då det stod på, fortel han. (FOTO: KURT ASK)