NRK Meny
Normal

Trur dei har fått statsråden på gli

Dei nye fråværsreglane har fått hard kritikk, særleg ute i distrikta. I dag troppa fleire lokalpolitikarar opp på døra til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for å fortelje han kor lite dei likar reglane hans.

 Torbjørn Røe Isaksen

NYE REGLAR: Torbjørn Røe Isaksen (H) er kunnskapsminister og har innført nye reglar som seier at elevar i den vidaregåande skulen ikkje kan ha meir enn ti prosent fråvær.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Vi har jo eit felles mål med kunnskapsministeren, og det er at elevar skal møte opp på skulen, seier Jenny Følling, som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane og som var med på møtet i dag.

Torbjørn Røe Isaksen har innført nye reglar som seier at elevar i den vidaregåande skulen ikkje kan vere vekke meir enn ti prosent av undervisningstida om dei har lyst på karakter i eit fag.

Mange har skulda reglane for å vere rigide, og for ikkje å ta omsyn til sjukdom. trafikkskulenæringa har kritisert reglane for å ikkje opne for køyreopplæring i skuletida. I fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk fylkespolitikarane så langt at dei prøvde å gjere om på reglane.

Trekløver utanfor kunnskapsdepartementet

VILLE HA SVAR: Leiar for opplæring i Rogaland Simon Nesse, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og leiar for opplæring i Sogn og Fjordane Karianne Torvanger utanfor kunnskapsministeren sitt kontor.

Foto: privat

Trur dei har ministeren på gli

Kunnskapsdepartementet har likevel stått på sitt, og slått ned alle forsøk på å prøve å omgå reglane. I dag trappa difor politikarar frå dei tre fylka opp på trappa til kunnskapsministeren for å argumentere mot reglane hans.

Og dei føler altså at statsråden byrjar å opne opp for endringar.

– Kunnskapsministeren var open for innspel, og han var veldig lyttande til det vi hadde å kome med, og at han følgjer nøye med på dei erfaringane folk har med dei nye reglane, seier Følling.

Følling kan likevel ikkje syne til konkrete lovnader frå ministeren, og når kunnskapsdepartementet har uttalt seg tidlegare har det vore liten tvil om kor dei står.

– Dei nye fråværsreglane er der for å sikre at elevar møter på skulen. Sjølv i dei minste faga er det rom for ein del fråvær. I kroppsøving ein man til dømes vere vekke i sju skuletimar utan å miste standpunktkarakter, har statssekretær i kunnskapsdepartementet Magnus Thue tidlegare sagt til NRK.

Kunnskapsdepartementet har ikkje svart NRK i dag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.