Hopp til innhold

Tek opp arven: – Vi trur bygda set pris på dette

Når brørne og kameratane deira har reist vekk på skule eller i militæret, tar dei yngre krefter tak og held i hevd tradisjonen med å ønske alle i bygda god 17. mai.

– Ja, vi må jo halde tradisjonen ved like!

Sindre Flatjord fortel at når ingen hadde tenkt å lagge flagget som byrjar verte ein tradisjon høgt oppe i fjellet over Gloppefjorden, så måtte dei trø til. To av årets fire flaggskaparar er brørne til dei som laga flagget i fjor.

– Det er veldig kjekt å sjå resultatet. Dette er ei triveleg markering for bygda, trur eg, seier Flatjord.

Hardt arbeid, men verdt det

Han fortel at dei var oppe både torsdag og fredag 16. mai for å spraye fjellet med raudt, kvitt og blått.

Tre timar torsdag og fem timar fredag gjer at han og kameratane har brukt godt over ein arbeidsdag på prosjektet.

– Det tek ein del tid, men det er no berre artig, seier Flatjord.

Til saman var dei fire personar i fjellsida. Forutan Sindre Flatjord, som er bror til Ole Martin Flatjord som var med i fjor, bidrog Jon Andreas Kornberg, Hans Kristian Seim Arnestad og Runar Hellerud, bror til Eirik Hellerud som deltok i fjor.

– Fin måte å markere nasjonaldagen

Dei nytta same metode som brørne, med ryggsprøyter med plass til fem liter eller meir med farga vatn. Til saman har hundrevis av liter gått med til flagget.

– Det er 38 meter i breidda og over 20 meter høgt, seier Flatjord.

I går var flagget synleg frå andre sida av fjorden.

– Det har regna i løpet av natta, så eg er ikkje sikker på kor godt ein ser det no. Men vi ser det frå bygda, seier Flatjord.

Han trur tradisjonen kjem til å leve vidare.

– Det er ein fin måte å markere nasjonaldagen på.

Her kan du sjå video frå korleis dei jobbar:

Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.

HARDT ARBEID: Ein treng mot, vilje og mykje farga vatn for å dekorere fjellsida. Videoen er frå 2013. (FOTO/REDIGERING: Runar Sandnes)