Trur brukryssingane på Vestlandet kan bli mykje billegare

340 milliardar kroner meiner Statens vegvesen det vil koste å krysse vestlandsfjordane med bru. Maritim industri hevdar bruene er overprisa og at alt kan gjerast langt billegare.

Lote-Anda

FLYTEBRU: Flytebru slik som LMG Marine ser for seg den mellom Lote og Anda i Nordfjord.

Foto: NordWest 3D

Kostnadseksplosjonen for dei store fjordkryssingane har fått politikarane til å rive seg i håret.

Berre for ferjefri E39 åleine kan koste heile 340 milliardar kroner i fylgje staten sine fagetatar, over det doble av kva som vart sagt under valkampen.

Også utanom E39 ynskjer lokalsamfunn langs kysten å bygge bruer. Private ingeniørselskap og verft meiner dei kan gjere jobben både enklare og billegare enn Vegvesenet.

- Fleire må få sleppe til

– Teknologien har vore på plass lenge, men det er mangel på beslutningar og finansieringsmåtar som begrensar oss, enkelte stadar som over Lote-Anda i Nordfjord kunne brua vore på plass for lengst, seier Ivar Myklebost i LMG Marine.

– Statens Vegvesen har styrt utviklinga på veg i Norge, no må andre få sleppe til.

Illustrasjon på hengebru med fleire spenn på E39 over Bjørnafjorden

HENGEBRU: Dette er ein av måtane E39 kan bli bygd på over Bjørnafjorden, i fylgje Statens vegvesen.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Verftsbransjen vil bygge bruene

Ein maritim industri i hardt vèr etter oljenedturen leitar etter nye typar oppdrag. Produksjonsdirektør i Kleven Maritime, Tore Roppen, meiner det no er tid for å drive forsking og utvikling.

– Vegvesenet ser ut til å forske mykje på korleis bruene skal konstruerast, men ikkje korleis dei skal produserast. Det vil vere god økonomi for staten å forske på produksjonsteknologi.

Tore Roppen

Tore Roppen i Kleven Maritime ynskjer meir pengar til forsking på produksjon av flytebruer.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kleven er spesialistar på sveiserobotar, ein robot kan erstatte 75 manuelle sveisarar og eit stort tal sliparar.

- Har ikkje vore flinke nok

Næringslivet får støtte av tidlegare toppsjef i Statens Vegvesen, Olav Ellevset. Han har leia ferjefri E39 prosjektet, og vore regionvegsjef på Vestlandet. No er han dagleg leiar for Samspleis, ei interessegruppe for betre vegar i Møre og Romsdal.

Ellevset meiner vegstyresmaktene må endre tankegangen sin. Han etterlyser funksjonskontrakter og totalentreprisar slik at også private kan detaljplanlegge bruene.

– Eg trur det er veldig viktig, vi har ikkje vore flinke nok til dette på lange tider. Teknologien har vore bestemt på førehand, og så har staten gått ut og bedt om pris.

Modell Rovdefjordbrua

ROVDEFJORDEN: Slik ser ein føre seg at kryssinga av Rovdefjorden på Møre kan sjå ut.

Regjeringa: Prisen på bruene må ned

Også i Samferdsledepartementet vekkjer kostnadseksplosjonen for E39 uro. Statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) er klar på at prisen på bruene må ned.

– Det er viktig å få ned prisane, det har vore ein enorm kostnadsvekst dei siste åra. Vi er nødt til å sjå etter andre måtar å gjere ting på. Her trengs både forskingsinstitusjonar og næringsliv.

Tom Cato Karlsen, Frp

PRISEN MÅ NED: Statssekretær i Samferdsledepartementet Tom Kato Karlsen (Frp) likar ikkje at prisen på ferjefri E39 veks kraftig.

Foto: NRK

Karlsen meiner næringslivet peikar på noko av framtida innan vegbygging, men seier at også Vegvesenet bidreg med forsking.

– Vi har eit stort investeringsnivå innan veg og bane, og det bør vere rom for å prøve ut nye måtar å gjere ting på. Når det gjeld E39 så satsar også vi tungt på kunnskapsutvikling, det er faktisk over 40 doktorgradar eller postdoktorgradar som no er i gang.

Meiner bruene er overprisa

For ingeniørane er ivrige etter å kome i gang. Morten Bjerkås i ingeniørselskapet Reinertsen meiner staten sine bruprisaner er altfor høge.

– Når vi ser på kostnadane tradisjonell brubygging har i dag, og meterprisen for dei store fjordkryssingane så harmonerer det ikkje i det heile teke. Dei er seks-sju gonger høgare i pris, vi meiner det ikkje er grunn til å prise dei så høgt.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.