Hopp til innhold

Trur brodering er ein barriere for menn

FØRDE (NRK): – Ja, eg er ein handyman, difor set eg meg ned og broderer.

Hans Sande

SKOGKYSS: Titteldiktet i samlinga Skogkyss er skrive etter ein tur i skogen: «Tuppen av ei våt bregne / sleikjer meg på neven / eg bøyer meg / og sleikjer tilbake».

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Forfattar og biletkunstnar Hans Sande er ikkje redd for å utfordre kjønnsrollene. I den siste diktsamlinga, Skogkyss, har han nytta broderi til å foreine tekst og bilde.

To broderi av Hans Sande

SVARTSJUK: «Ho stod og kjælte med eit tre – neste dag hogg han skogen ned.» Framsidediktet i Skogkyss skildrar ein mann som vil vera det einaste i livet til kjærasten.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg er alltid på jakt etter nye uttrykk, og eg var nysgjerrig på typiske kvinnehandverk. Bestemor mi laga ei lita lærebok i brodering for ungar, eg trur det har lege i bakhovudet og slumra.

Hans Sande

MANN SOM BRODERER: Forfattar, biletkunstnar og psykiater Hans Sande finn fridom i broderiet, men trur ikkje det vil bli eit stort mannleg broderimiljø.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Sande begynte brått å brodere, og tenkte ikkje å bruke det i dikta sine. Men i arbeidet med den siste diktsamlinga prøvde han å brodere eitt av dikta.

– Eg får ofte laga omslagsillustrasjon på bøkene mine. Og då eg laga framsidebroderiet mitt var forlaget svært nøgd med det, så da heldt eg fram med arbeidet.

– Har skriving og brodering noko til felles?

Det er ulike ting for meg. Men ideane kjem på same måte. Dei kjem dettande når eg går på tur. Utan varsel får eg eit ord eller ein idé eg kan ta vare på, og som kan bli eit dikt eller eit broderi.

– Kva er bra med å brodere?

– Det er eit putlearbeid eg likar, men òg ein fridom. Ein må følgje nokre reglar og gjeva blaffen i nokre andre. Ein må finne si eiga form og sin eigen stil.

I brodering ligg det både ei ro og ei uro. Ein må bruke tid, men ein må òg finne ut korleis ein skal løyse det. Kva slags skrift og sting skal eg bruke? Kva slags form skal eg bruke for å få fram den illustrasjonen eg vil ha?

Hans Sande

Snur om på kjønnsroller

Hans Sande kjenner ingen andre menn som broderer, og reknar ikkje med at det skal oppstå eit broderifellesskap med andre karar.

Eg kjem alltid skeivt ut

TULL MED ALVOR: Det er viktig å brodere symmetrisk og fint, men i dette broderiet bryt Hans Sande med den innarbeidde regelen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg trur det er ein barriere for menn å brodere. Kjønnsrollene er her, og det er sterke krefter og motkrefter. Ein mann må vera trygg på seg sjølv for å gå inn i eit felt som tradisjonelt har vore kvinnfolka sitt. Eg trur det krev meir mot enn for eit kvinnfolk å prøve snikring eller noko anna der mannfolk har dominert.

Eitt av broderia i Skogkyss inneheld denne teksten: «Ho ville ha ein handyman, så eg sette meg til å brodere.» Sande fortel at han opplever endelause krav til kva praktiske oppgåver menn skal kunne ta på seg.

– Alle kvinnfolk vil ha ein handyman, så eg hadde glede av å snu om på det. Ja, eg er ein handyman, og nå set eg meg ned og broderer.

Og når Sande set seg ned og broderer, gjer han nokre ting som ikkje er heilt etter boka.

– Det fyrste kvinnfolk gjer når dei ser eit broderi er å sjå om det er like fint på baksida. På baksida av boka mi ville eg ha den rotete og sprø baksida av framsidebroderiet mitt. Eg vil vise nett korleis det er eg kan ikkje betre og eg bryr meg ikkje om det heller.

Broderi på rekke og rad

TIDKREVJANDE: Hans Sande brukar mellom fire timar og fire dagar på kvart broderi.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim