Hopp til innhold

Trur bråket ha påverka tilliten til barnevernet

Dei tilsette i Sogn barnevern set pris på orsakinga frå politikarane i Sogndal. Samstundes trur tillitsvald at tilliten til barnevernet er påverka av langvarig negativt søkjelys.

Karina Flåten

KREVJANDE ARBEID: Tillitsvald Karina Flåten i Akademikerne i Sogn barnevern seier mange har spurt om korleis det er å jobbe i barnevernet. – Vi har eit godt arbeidsmiljø no.

Foto: Privat

– Det er positivt at vi får ei orsaking for at prosessen har teke så lang tid å løyse. Det er flott å sjå at politikarane ønskjer å ha eit godt samarbeid og forhold til tenesta, seier tillitsvald Karina Flåten i Akademikerforbundet.

Sogn barnevern var i ein lengre periode prega arbeidsmiljøproblem. Ein rapport slo fast at Sogndal kommune ikkje hadde teke desse problema på alvor. Flåten meiner det langvarige søkjelyset på barnevernet har påverka både tilsette og tenesta.

Ei stor sak

– Det er openbart at saka har påverka dei tilsette, og når det har påverka dei tilsette så påverkar den naturleg nok tenesta. Det er vanskeleg å tenkje seg at tenesta er upåverka av ei så stor sak som dette her.

Etter fleire månader med uro kring Sogndal kommune si handtering av arbeidsmiljøet i Sogn barnevern, bad politikarane i går dei tilsette om orsaking.

– Eit samla kommunestyret rettar ei orsaking til både tidlegare tilsette og dei som jobbar der no, for dei arbeidsmiljøproblema som har vore. Når det gjeld opplevd arbeidsmiljøproblem, skal ein ta på høgste alvor korleis den einskilde opplever situasjonen, sa ordførar Jarle Aarvoll (Ap) torsdag.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

SKAL IKKJE SKJE IGJEN: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll meiner kommunen no har teke lærdom, så dei ikkje skal kome bort i ein slik situasjon seinare.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I same møte reiste Høgre, Frp, Venstre og KrF mistillitsforslaget mot rådmannen, men forslaget fall med 12 mot 13 røyster.

Flåten er tillitsvald for 10 av dei vel 13 tilsette i det interkommunale samarbeidet mellom Sogndal, Luster og Leikanger som utgjer Sogn barnevern.

– I rapporten om arbeidsmiljøet får også dei tilsette kritikk, for å vere mellom anna krevjande. Kva seier du til det?

– Det er noko vi ikkje har diskutert på kontoret, så det har eg ingen kommentar til, seier Flåten.

Får spørsmål

Sogn barnevern har fått mykje omtale i media. Både arbeidsmiljø og kvalitet i tenesta har vore sett under lupa.

– Dette kan påverke både familiar og samarbeidspartnarar sin tilliten til oss. Men sidan 2016 har vi jobba med kvalitetsutvikling og vi ser at det har gitt gode resultat, seier Flåten.

Flåten meiner det er vanskeleg å seie om familiar har fått mindre tillit til barnevernet, men at det er tenkjeleg. Arbeidsmiljøet i barnevernet er no bra, meiner Flåten.

– Vi har gode rutinar på å ordne opp viss det skulle vere noko. Det å jobbe i barnevernstenesta er generelt ein veldig krevjande jobb, difor er det viktig å ha søkjelyset på miljø, også når ein har det bra, seier Flåten.

– Vårt fokus har heile tida vore å møte på jobb og gjere ein god jobb. Det føler eg at vi har lukkast i.