Trur bilen kom over i feil felt

Politiet trur personbilen kom over i feil køyrefelt før den kolliderte med den møtande bubilen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i går.

Store skader trafikkulykke i Olden Innvik, Stryn

ETTERFORSKAR ULUKKA: Politiet seier etterforskinga så langt tyder på at personbilen har kome over i feil køyrefelt.

Foto: Jogeir Agjeld

Totalt kom fem personar til skade i kollisjonen som skjedde like før klokka 14 tysdag.

Ein 13 år gamal gut er alvorleg skadd, det same er ein mann 70 år. I tillegg har ei kvinne på 77 år fått brotskadar, men er stabil, medan to menn på 43 og 77 år har fått lettare skader.

Politiet etterforskar saka, og så langt ser det ut til at personbilen har kome over i feil køyrefelt i forkant av samanstøyten.

– Det vi veit så langt er at det kan tyde på at personbilen har kome over i motgåande køyrefelt. Men det står att ein del etterforsking, så vi har ikkje konkludert endeleg, seier politiførstebetjent ved Stryn lensmannskontor, Lasse Trosdahl.

Både politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe har gjort undersøkingar på ulukkesstaden. Trosdahl seier det står att ein del ting i etterforskinga.

– Åstaden har allereie vore undersøkt, det kan vere aktuelt å undersøke bilane, og så må vi gjere avhøyr av vitne og dei involverte partane, seier han.

– Kor vanskeleg er ei slik etterforsking?

– Det kan vere vanskeleg, og det er veldig avhengig av kor gode vitne vi har og kor gode spor det er i vegen. Vi har god tru på at vi skal finne årsaka til det som har skjedd i dette tilfellet, seier politiførstebetjenten.