Hopp til innhold

Trur Badji reiser frå Sogndal

Han har vore ein av dei heilt store på Sogndal denne sesongen, men no ser det ut til at senegalesaren Stéphane Diarra Badji snart reiser frå klubben.

Stephane Badji

HAR LEVERT VARENE: Stéphane Badji spelar mest truleg sine siste kampar for Sogndal dei neste vekene.

Foto: Rune Sjøberg

Klubbar både i inn- og utland skal ha lagt merke til prestasjonane til midtbanespelaren denne sesongen, og ifølgje Sogn Avis blir han truleg selt ved sesongslutt.

Trond Fylling som henta 22-åringen seier til avisa at Badji har vore svært viktig for Sogndal og at han har kvalitetar som gjer det naturleg at han no tek steget opp til eit høgare nivå.

– Det blir det same med han som med Even Hovland, når kvaliteten blir så høg må spelaren får lov til å gå, noko anna vil vere urettferdig, seier Fylling til Sogn Avis.

Badji har kontrakt med Sogndal ut 2014, og blir det som Fylling trur, vil klubben få ein solid slump pengar i kassa.

– Eg vert overraska om Badji ikkje vert selt etter årets sesong. Han er utolmodig og ønskjer seg vidare sjølv, og interessa for han er stor, seier Fylling til avisa.