Startar søk i Utla måndag morgon

Måndag morgon vil Røde Kors gjennomføre søk i elva Utla etter den sakna asylsøkjaren i Årdal. – No leiter vi etter ein omkomen, seier operasjonsleiar Wenche Hope.

Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun

HELD FRAM: Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, er innsatsleiar for leiteaksjonen i Årdal. – Vi oppmodar alle som har eigedomar i Øvre Årdal til å sjekke desse skikkeleg for å vere sikker på at den sakna ikkje er der, seier han.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Oddleif Løseth
Journalist

Søndag avslutta leitemannskap nok eit resultatlaust søk. Då vart det også klart at ein frå klokka 10 måndag vil starte søk både i og langs elva Utla.

– Planen er å søkje så mykje som mogleg av elva. I tillegg er det snakk om ein hund frå Norske Redningshundar som skal søkje langs elva, seier operasjonsleiar Wenche Hope.

– Det betyr at ein også endrar status for leiteaksjonen?

– Det stemmer. No søkjer vi etter ein truleg omkomen person.

Ingen nye tips

Sakna asylsøkar

SAKNA: Mannen vart sist i 12-tida torsdag.

Foto: Politiet

Søket etter den 24 år gamle eritreiske mannen starta fredag kveld . Då var siste sikre observasjon i 12-tida torsdag.

Sidan har politiet fått tips om moglege observasjonar av mannen. Ein ved Naturhuset på Skåri i Utladalen, og ein på Vetti seinare på ettermiddagen.

– Saka er uforandra, og vi har i dag ikkje fått inn nye tips som har kunne føre oss til svar. Og vi har søkt over eit enormt område, seier innsatsleiar Helge Øvstetun, lensmann i Lærdal.

Søkte med drone

I ettermiddag har ein fotpatrulje søkt mellom Holsbru og Moa og ein ATV har søkt i Rausdalen. Her gjekk ein heilt til snøgrensa. I tillegg har ei drone blitt nytta over delar av Utladalen. Ein har også fått søkt eit område i øvre del av Årdalsvatnet.

Nye søk i Årdal

SØKT: Norsk Folkehjelp, Røde Kors, Sivilforsvaret og politiet har medverka i søket etter den 24 år gamle mannen.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Søndag kveld stod Utladalen for tur. Dronen har ei rekkjevidd på kring 1 000 meter og gir gode bilete frå søkeområdet.

– Det er parti som ikkje lar seg søkje til fots, og der har dronen har vore eit fantastisk hjelpemiddel i søket. Den har gjort arbeid for mange, seier Øvstetun.

– Sjekk eigedomane

Øvstetun gjentek oppmodinga til hus- og hytteeigarar i Øvre Årdal om å sjekke eigedomane sine.

– Kor lenge kan ein halde fram å søkje etter nokon ein ikkje veit er der?

– Vi søkjer ikkje opp att område som allereie er søkt igjennom, men dersom det ikkje dukkar opp informasjon som seier at han er ein annan stad, så må vi søke over alt. Så må vi vurdere situasjonen. På eitt eller anna tidspunkt må ein nok setje ned foten.

– Tida er ikkje gunstig

Politiet kan førebels ikkje sjå bort frå at mannen kan vere ein annan stad, men per no er det ingenting som tilseier det. Det har tidlegare vore opplyst at både lommebok og mobiltelefon låg att i heimen. I ettertid viser det seg at lommeboka ikkje var der. Mobiltelefonen blir no undersøkt av politiet.

Søndag ettermiddag var fagfolk i gang med å vurdere søkeforhold i elvar og vatn med tanke på eit eventuelt søk måndag. Det kan også vere aktuelt med mindre søk i terrenget.

– Det er ikkje opp til oss å avgjere om det blir søkt vatn og elvar, men det er ynskjeleg frå vår side, seier Øvstetun.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.