Hopp til innhold

Trur årsbeste på tribunen

Sogndal har ikkje hatt til vane å få heimekamp på 16. mai. I kveld tek serieleiaren i 1. divisjon i mot Ranheim på Fosshaugane.

Jim Johansen og Lars Christian Kjemhus

GJERE HAN DET IGJEN? Lars Christian Kjemhus, her med Jim Johansen, scora mot Bryne i førre serierunde. I kveld ventar truleg 3000 tilskodarar på nye jubelscener.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Eg har eit håp om at vi skal krype over 3000 for første gong i år. Det ser ikkje heilt umogleg ut med tanke på førehandssalet. Det hjelper på å ligge på toppen av tabellen, konstaterer arrangementssjef Geir-Inge Heggestad i Sogndal Fotball.

Lovar fest

Som eliteserielag har ikkje Sogndal hatt til vane å få heimekamp på fotballen sin store festdag, 16. mai. Heimekampane går som regel til storklubbane. Men i 1. divisjon har også Sogndal kjøtvekt.

Geir Inge Heggestad

UVANT: Arrangementsjef Geir-Inge Heggestad har ikkje til vane å invitere til heimekamp 16. mai.

Foto: Heiid Lise Bakke / NRK

– Vi har fått 16. mai heime for første gong på veldig mange sesongar. Vi håpar å få løfta tilskodartalet langt meir enn det som har vore snittet til no i år. Vi skal lage til ein fotballfest i Sogndal, lovar arrangementssjefen.

Etterlengta siger har gitt Ranheim sjølvtillit

Etter 2–0 sigeren borte mot Bryne onsdag er heimelaget i flytsona, med to poengs luke på tabelltoppen. Erkerivalen Brann ligg til dømes på sjetteplass, fire poeng bak.

Trondheimslaget Ranheim som står på andre banehalvdel laurdag ligg under nedrykksstreken med sju poeng på åtte kampar. Men laget fekk ein etterlengta 2–0 siger mot Strømmen førre runde.

– Det blir ei artig utfordring å møte Sogndal. Forhåpentlegvis blir det mykje folk. Vi reiser med ein siger i bagasjen. Sjølvtilliten og trua på siger er der, seier Ranheim-midtstoppar, Kristoffer Løkberg til klubben si nettside.

Gratisbillettar i to kommunar

Trass i at trønderane neppe kan kallast trekkplaster, har Heggestad i Sogndal Fotball tru på at publikum finn vegen til Fosshaugane.

– Russen har meldt sin ankomst. Dei er mange viss dei klarer å mobilisere. I tillegg er dette den første kampen i år med kommuneprosjektet som vi har hatt over tre sesongar. Denne gongen er alle innbyggjarar i Lærdal og Aurland inviterte til gratis kamp med støtte frå lokalt næringsliv i dei to kommunane. I tillegg håpar vi tabelltoppen og sigeren på Jæren vil løfte publikumstalet, seier Heggestad.

Trenar Eirik Bakke sin kamptropp blir ikkje offentleg før nærmare kampstart.