Hopp til innhold

Truleg nyresvikt av Gilde-kjøtdeig

Guten frå Bremanger som fekk akutt nyresvikt har truleg fått i seg smitten då han åt kjøtdeig frå Gilde. Selskapet har no trekt tilbake 50 tonn kjøtdeig.

- Gilde-kjøtdeigen ved seks-sju butikkar i Bremanger er alt trekt tilbake frå kjøtdiskane, opplyser smittevernlege Arvi Kumar til bt.no.

Den fem år gamle guten frå Bremanger og fem andre små born har fått akutt nyresvikt den siste månaden.

Bremanger-guten vart innlagt på sjukehus 27. januar, men er no utskriven og på betringens veg.

Kjøtet kjem frå Hedmark

Gilde trekkjer no tilbake 50 tonn kjøtdeig merka med autorisasjonssnummer 103. Etiketten er godt merka med nummeret. Alle som har slik kjøtdeig heime vert bedne om å levere den tilbake.

Folkehelseinistituttet og Mattilsynet har dei siste dagane jobba på spreng for å finne smittekjelda. Mattilsynet understrekar at dei  handlar på mistanke. Førebels er E.colie-bakterien ikkje påvist i kjøtdeigen. Men etter å ha analysert pasientprøver og intervjua pasientane, meiner dei at den frykta bakterien kan vere i kjøtdeig laga av storfekjøt frå Gilde sitt anlegg på Rudshøgda i Hedmark. Det lokale Mattilsynet skal no ta prøver av bakterien.