Hopp til innhold

Truleg ny vurdering av Fjord1

Etter det NRK har grunn til å tru har Fylkeskommunen sett i gong ei eigarskapsvurdering av Fjord1. Fylkeskommunen eig 59 prosent av ferjeselskapet, og har samstundes ein svært stram økonomi.

Stavangerfjord i Arsvågen

NY VURDERING?: Det kan vere sett i gang ei ny vurdering av eigarskapen til fylkeskommunen i Fjord1.

Foto: Jan Kåre Ness

Dei siste vekene har det vore fleire dokument som omhandlar Fjord1 på postlistene til Fylkeskommunen.
Dokument som ber sakstittelen "Eigarskap i Fjord1" har innhaldstitlar som "notat vedr prosess", "Konfidensielt, "Utkast" og "prosess Fjord1" og signaliserar eit aktivt arbeid rundt ferjeselskapet.

Vil ikkje stadfeste eigarskapsvurdering

Som offentleg etat er Fylkeskommunen pliktige å legge ut alt, eller delar av all kommunikasjon til og frå Fylkeskommunen.

NRK har ikkje fått innsyn i dokumenta, men avsendar på fleire av dei er advokatfirmaet Wiersholm, som held til på Aker Brygge. Wiersholm har spesialisert seg på transaksjonar, og på nettsidene deira kan vi lese at deira advokatar "har hatt en stor rolle i mange av de største transaksjonene som har funnet sted i Norge".

Hos fylkeskommunen er sparekniven kvest. 230 millionar kroner skal kuttast.

NRK har vore i kontakt med fleire av politikarane i fylkesutvalet, men alle viser vidare til fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Ho vil verken stadfeste eller avkrefte at det går føre seg ei eigarskapsvurderinga av Fjord1.

Opne for sal

Tidlegare har Framstegspartiet og Høgre sagt at dei er villige til å selje aksjane i Fjord1.

Noralv Distad

VILLEG TIL Å SELJE: Noralv Distad (H).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Høgre har eit generelt standpunkt når det gjeld eigarskap, og det er at Høgre er opne for sal av aksjar. Eit sal kan vere ein fordel både for Fylkeskommunen som får tilført kapital og det kan vere ein fordel for selskapet som kan få inn nye eigarar som kan utvikle selskapet vidare, seier Noralv Distad som sit i fylkesutvalet for Høgre.

Distad opplever no ei auka politisk interesse for å selje aksjar som Fylkeskommunen eig i Fjord1 og andre selskap.

– Eg registrerer at det er ei aukande interesses for sal dersom vi får ein tilfredsstillande pris. Då vi handsama eigarskapsmeldinga i haust vedtok vi å vidareføre eigarskap inntil anna vert bestemt. Der er altså bevegelse, og det meiner eg er sunt, seier Distad.

Endra ordlyd

I helga endra Senterpartiet sitt fylkestingsprogram, og punktet som sa at Fylkeskommunen skal "sikre og auke verdiar i etablerte selskap" vart fjerna. Senterpartipolitikar Anders Ryssdal vil ikkje knyte programendringa direkte til Fjord1.

Anders Ryssdal

ENDRA ORDLYD: Anders Ryssdal (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Der er ei formulering som eg kan syne til; «Vi drøftar saka», og det er vel det eg kan seie om saka no.

– Er dette ei opning for medlemene i fylkesutvalet til å stå friare til å vurdere eigarskapen i Fjord1?

– Det går vel kanskje ikkje an å knyte dette direkte til Fjord1, men det går på økonomien til fylkeskommunen, ja.