Dei siste åra har skisenteret måtta stenge uvanleg tidleg, og for to år sidan varte ikkje sesongen lenger enn til i byrjinga av juli.
Frå Stryn Sommarskisenter. Arkivfoto NRK
Trur på kjempesesong
Men med dobbelt så mykje snø i år som i fjor trur driftsleiar Rolf Olav Flo at dei kan ha ope til langt utover sumarhalvåret. - Med om lag same temperaturane som i fjor sommar, blir det nok ein kjempebra sesong, seier han.
Avhengig av vegopning
Han håpar å kunne opne sommarskisenteret i slutten av mai, men dei store snømengdene kan og vere ei ulempe. Vegen inn til Tystigen blir ikkje opna før dei alle fonnene over vegen har gått.