Hopp til innhold

Trugsmål om søksmål skremmer ikkje ministeren

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) vil ikkje endre regelverket for utbetaling av erstatning etter naturskadar.

Jon Georg Dale

GODT NOK: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner dagens regelverket er tilstrekkeleg.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Han viser til at dagens praktisering av regelverket har eksistert lenge, og at den har danna grunnlag for rettspraksis.

Nyleg stod Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen fram og fortalde historia si om at dei tapte 500 000 kroner på orkanen «Tor» fordi dei ikkje fekk erstatning for skadane på moloen.

Trond Lødøen og Rolf Vingelven

FRUSTRERTE: Arkeolog Trond Lødøen (t.v.) og Rolf Vingelven ser på skadane Rolf har fått på moloen sin etter orkanen «Tor».

Foto: Jørgen Eide / NRK

I Bremanger mangla ekteparet Vingelven nokre få centimeter på at havnivået under orkanen ikkje var høgt nok til å gi dei millionerstatning. Ifølgje Kartverket mangla det seks centimeter på stormflo etter krava i Naturskadelova, sjølv om stormen faktisk smadra moloen.

Trugar med rettssak

45 personar som søkte om erstatning for skader moloar og kaiar fekk avslag fordi Statens naturskadeordning meiner at sjøen under «Tor» ikkje var grov nok.

Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen

FORTVILA: Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen tapte ein halv million kroner på at dei ikkje fekk erstatning.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Sølve Kvellestad og Kvellestad Jensen seier dei vil prøve å samle alle som har fått avslag for å gå rettens veg.

– Det er folk i sin fulle rett til å gjere. Dei må sjølve vurdere om dei ønskjer å nytte seg av den retten, er landbruksministeren sitt svar på det.

– Regelverket er tilstrekkeleg

Samstundes har Miljøpartiet dei grøne bede landbruksministeren endre regelverket. Men verken trugsmål om rettssak eller krav om regelendring får landbruksministeren til å endre syn.

– Uansett kvar du set ei grense, så vil det vere tvilstilfelle. Difor er det råd å klage på slike vedtak. Du kan då leggje ved dokumentasjon med lokale målingar som kan avvike frå dei objektive målingane som er lagt til grunn når søknaden vart behandla, seier Dale til NRK.

Han er oppteken av å understreke at dette ei fellesskapsordning som skal sikre likebehandling uavhengig av kvar ein bur i landet.

– Vi meiner det regelverket vi har i dag er tilstrekkeleg.

– Forstår fortvilelsen

Dale meiner det ikkje har noko for seg å endre grensene, då det uansett vil vere utfordringar knytte til denne problematikken.

– Eg forstår at det er fortvilande for den enkelte. Det er difor eg seier at det kan framstå urimeleg når ein ligg tett på dei objektive kriteria. Men dei må vere der for å sikre likebehandling av alle. Dette er krevjande, men det er mogeleg å dokumentere lokale målingar som er annleis enn dei offisielle og klage på vedtaket.