Hopp til innhold

Trugar med ølmonopol

Politikarane i Flora trugar med å gjeninnføre ølmonopoloet om matvarebutikkane ikkje vil gje pengar til kulturlivet.

Då bystyret i si tid la ned ølmonopolet og gav matvarebutikkane lov til å selje øl, lova butikkane å gje like mykje pengar til kulturlivet som det polet hadde gjort.

- Det er direkte skammeleg at butikkane ikkje lenger vil gje ølpengar. Dette er ikkje i tråd med det dei sa då bystyret avvikla ølmonopolet, seier Ap-politikar Brigt Samdal til Firdaposten.

- Håpar butikkane ser alvoret

Han utelukkar ikkje at resultatet kan verte at politikarane vil gjeninnføre ølmonopolet.

- Det er fleire som snakkar om det. Men eg håpar butikkjedene sjølve ser at dettte er uheldig og går tilbake til den opphavlege avtalen.

Stemninga var ikkje særleg god då hovudutval for kultur i Flora nyleg berre hadde 129.000 kroner å dele ut til kulturlivet. Dette er berre ein tredjedel av det kulturlivet har fått tidlegare.

Lidl vil ikkje vere med

NRK har snakka med fleire butikkar som tykkjer skuldingane frå politikarane er urettvise. Skal dei halde fram med å gje pengar til kulturføremål frå inntektene av ølsalet, bør alle gjere det, er gjennomgangstonen. For slik stoda er no, deltek nemleg ikkje lågpriskjeda Lidl på ordninga.

- Å støtta kulturføremål med ølpengar fungerer ikkje når berre einskilde butikkar deltek. Det seier regionssjef og deleigar i Drageset-butikkane i Florø, Rune Økland. Økland meiner dette føret til urettvis konkurransevriding.

- Eg forstår sjølvsagt at dei få aktørane som framleis ønskjer å støtte kulturlivet synest det er vanskeleg fordi konkurransevridinga vert så stor når nokon betalar og andre ikkje, seier Samdal.