Trugar med å ta gras-strid inn for Regjeringa

SOGNDAL (NRK): Kulturdepartementet avslår klagen frå Norges friidrettsforbund i konflikten om Kvåle stadion - og står fast på at der kan leggjast kunstgras.

Kalle Glomsaker og Kvåle stadion

SET KLARE VILKÅR: Styremedlem Kalle Glomsaker (biletet) i Norges Friidrettsforbund krev at Sogndal kommune tek Sogndal idrettslag med på råd fortløpande for å finna ein ny varig arena for kastøvingar kloss i Kvåle stadion. Skjer ikkje det, vil forbundet vurdera å oppretthalda klagen, som då vil bli fremja for Regjeringa, alternativt sendt til Sivilombodsmannen.

– Kulturdepartementet har store forståing for otten til Norges Friidrettsforbund om at friidretten kan bli fortrengt av fotballen når det blir lagt kunstgras. Me ønskjer å leggja til rette for både fotball og friidrett, seier fagdirektør Åsmund Berge i Kulturdepartementet.

Like fullt har Kulturdepartementet avslått ein klage frå friidrettsforbundet i ein strid mellom friidretten og fotballen om Kvåle stadion i Sogndal, som denne hausten har blussa opp og blitt ei betent sak nasjonalt.

  • Kort bakgrunn: I september fekk Sogndal kommune lov av Kulturdepartementet til å byta ut naturgraset på Kvåle stadion med kunstgras, for å leggja til rette for meir fotball, som er ein idrett med sterk aktivitetsvekst. Men dette meiner Norges friidrettsforbund går ut over friidretten, fordi kastarane ikkje lenger får konkurrera. Forbundet har difor klaga, mellom anna fordi det blir foreslått ei ny erstatningsbane for spyd, diskos, kule og sleggje på ei myrete grasmark på Kaupanger, 11 kilometer unna Kvåle stadion.
Kaupanger idrettspark

VÅT MYR: Denne marka ved Kaupanger idrettspark er føreslått som erstatningsbane for kast. Ifølgje Norges friidrettsforbund er dette biletet teke éi veke etter at det sist regna.

Foto: Norges Friidrettsforbund

– Kaupanger var ikkje avgjerande

Fagdirektør Berge seier at Kulturdepartementet veit at arealet på Kaupanger ikkje er tilfredsstillande som ein varig kastarena:

– Difor har me ikkje lagt avgjerande vekt på dette anlegget då me gav Sogndal kommune løyve til leggja kunstgras på Kvåle. Kaupanger var meint å vera eit førebels - og ikkje fullverdig - anlegg, inntil kommunen byggjer ny kastsektor ved Kvåle stadion.

– Dersom det blir ein god politisk debatt om framdrifta med ny kastbane på Kvåle, der begge partar blir tekne på alvor, har me ikkje eit prinsipielt behov for å køyra denne saka vidare, seier anleggsansvarleg i styret til Norges Friidrettsforbund, Kalle Glomsaker.

Ikkje informert

Glomsaker har vore sterkt kritisk til Kaupanger-alternativet og har omtalt den aktuelle grasmarka som «ubrukeleg».

Spydtrening på Kvåle stadion

SPYDKAST: Trenar Grete Maren Myklestad rettleier Ingrid Bergheim under eit lagsstemne i Sogndal idrettslag på Kvåle stadion i fjor.

Foto: Privat

Forslaget om å flytta kastøvingane mellombels frå Kvåle til Kaupanger kom fram på denne måten:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune lanserte forslaget i eit høyringsbrev til Kulturdepartementet i september.
  • Forslaget var på førehand velsigna av rådmann Jostein Aanestad i Sogndal, som – ifølgje brevet frå fylkeskommunen – meinte at anlegget på Kaupanger kunne vera ei god løysing «som kommunen vil kunne støtte økonomisk».
  • Verken Sogn og Fjordane fylkeskommune eller Sogndal kommune hadde involvert Kaupanger idrettslag i arbeidet med forslaget før det blei presentert. Heller ikkje Sogndal idrettslag eller Sogndal idrettsråd, kommunen sitt høyringsorgan i idrettssaker, var blitt rådspurde om det konkrete forslaget.

Rådmannen Jostein Aanestad i Sogndal har tidlegare beklaga at Kaupanger idrettslag ikkje blei informert tidlegare.

Jarle Aarvoll og Laura Kvamme

MØTTE IDRETTEN: Ordførar Jarle Aarvoll og rådmannen i Sogndal møtte fredag idrettsrådet og idrettslaget i kommunen for å finna ei løysing på Kvåle-striden. Dette biletet er frå eit kommunestyremøte i juni i år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Beklagar til Sogndal idrettslag

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) er lei for at heller ikkje Sogndal idrettslag blei informert:

– At det blei snakk om andre område, utan at Sogndal idrettslag visste om det, er berre å beklaga.

Etter initiativ frå Sogndal idrettslag møtte ordføraren og rådmannen Sogndal idrettslag og idrettsråd fredag for å finna ei løysing på konflikten.

Neste år startar kommunen eit arbeid med ny reguleringsplan for området rundt Kvåle stadion. Aarvoll ønskjer å finna ein varig kastarena:

– Eg opplever at rådmannen og idrettslagsleiinga er konstruktive for å finna ei tenleg løysing.

Krav frå friidretten

Kulturdepartementet slår i sitt svarbrev til Norges friidrettsforbund fast at den beste permanente løysinga er ei ny kastbane kloss i Kvåle stadion.

For friidrettsforbundet er det avgjerande at kommunen tek idrettslaget med på råd, og at eit vedtak om ei ny kastbane blir fatta av kommunepolitikarane etter ein open diskusjon. Skjer ikkje det, vil forbundet fremja klagen for Kongen i statsråd. Alternativt kan saka klagast inn for til Sivilombodsmannen.

– Dialogen må enda opp i skriftlege forpliktande formuleringar og løyvingar i kommunebudsjetta. I denne saka kan ikkje friidretten leva med tomme ord, seier Glomsaker.