Trugar med å flagge ut reiselivsbedrift

Hotelleigar Arne Glenn Flåten i Sogndal kjenner seg tvinga til å «flagge ut» bedrifta si om momsen vert auka frå 12 til 23 prosent.

Arne Glenn Flåten

KRITISK: Hotelleigar Arne Glenn Flåten fryktar for lønsemda om Stortinget igjen aukar momssatsen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK

Ei utval regjeringa har sett ned føreslår å forenkle innkrevjinga av moms og innføre ein flat sats på 23 prosent for all omsetnad av varer og tenester. I dag må du betale 12 prosent moms om du til dømes kjøper ei overnatting på hotell.

Ein av dei som reagerer er dagleg leiar og eigar, Arne Glenn Flåten, ved Vesterland Feriepark på Kaupanger i Sogn. Her driv han hotell, camping og utleige av hytter og leilegheiter til turistane. Flåten er og lokalpolitikar for Høgre i Sogndal.

– Dette vil råke distrikta, og då spesielt Sognefjord – regionen då har vi eit stort tal utanlandske gjestedøgn. Det vil verte for tøft om prisen skal auke med 11 prosent, seier han.

Vil opprette salskontor i utlandet

Flåten seier at næringa alt er hardt pressa då kring 20 prosent av all overnatting i dag skjer gjennom private eller Airbnb. I tillegg seglar cruiseskipa forbi stovedøra hans, og der er det momsfritak på alt sjølv når dei seglar i norsk farvatn.

Vert forslaget vedteke ser ikkje Flåten anna løysing enn å «flagge ut» bedrifta.

– Vi må finne kreative løysingar. Og eg kan ganske sikkert seie at om momsen vert auka til 23 prosent, så vil vi opne eit salskontor i utlandet som vil leiger ut eigedommen vår til, og så kan dei selje momsfritt. Dette er løysingar som vi ikkje ønskjer, men som vi vert tvinga til å gjere, seier hotelleigaren.

Ivar Horneland Kristensen

FRYKTAR: Direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen.

Foto: Virke

– Spesielt alvorleg for reiselivet

Flåten får ståtte hos Virke, som er handel- og tenestenæringane sin hovudorganisasjon. Dei meiner reiselivsnæringa er spesielt utsett på grunn av den sterke konkurransen.

− Bedrifter i reiselivsbransjen vil slite om ein slik momssats blir ein realitet. Denne regjeringa har alt auka momsen frå åtte til 12 prosent. Ein ny auke vil særleg råke norske hotell og overnattingsstader hardt, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke.

Statsministeren: – Vi tenkjer mindre radikalt

Statsminister Erna Solberg (H) seier at regjeringa førebels ikkje har teke stilling til forslaga frå utvalet.

– Utvalet har teke litt hardt i, og så radikalt tenkjer nok ikkje regjeringa, seier Solberg til NTB.

Ho vil likevel ikkje slå fast at det vil verte teke spesielle omsyn til reiselivsnæringa.

– Det er både direkte og indirekte ting i momssystemet som påverkar i reiselivsnæringa. Det er ikkje slik at vi vil fjerne alle nullsatsar eller tersklar i systemet. Men det kan vere nokre intensjonar vi kan oppnå med endringar i momssystemet, seier Solberg.

Statsminister Erna Solberg

IKKJE TEKE STILLING: Statsminister Erna Solberg seier at utvale har tenkt meir radikalt enn regjeringa.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK