Hopp til innhold

Kommunane trugar med å bryte med Helse Førde dersom dagkirurgi ikkje vert oppretta

Ordførarane i Nordfjord trugar i eit brev til Helse Førde med å bryte med helseføretaket. Dersom tilbodet om dagkirurgi ikkje vert oppretta, vil dei be om ei alternativ organisering for sjukehuset på Eid.

Nordfjord Sjukehus

INGEN DAGKIRURGI: Helse Førde vil ikkje opprette dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Difor truar kommunane i regionen med å bryte med helseføretaket, og samarbeide med andre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi reagerer sterkt på forslaget frå administrasjonen i Helse Førde, der dagkirurgi ikkje ligg inne, seier Sven Flo, leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stryn.

På fredag skal styret i Helse Førde møtast. Då skal styret ta stilling til framtida for eit dagkirurgisk tilbod i Nordfjord.

– Dersom tilbodet om dagkirurgi ikkje vert oppretta, føler vi at eit viktig prinsipp og grunnlaget for eit sjukehus på Eid vert borte, seier Flo til NRK.no.

Ordførarane i Nordfjord har sendt brev til styret, der dei trugar med å trekkje seg frå helseføretaket.

– Dagkirurgien er viktig for folk i Eid, for det totale sjukehustilbodet. Dersom det ikkje er til stades, føler vi oss forplikta til å gå vidare for å sjå korleis vi kan få eit slikt tilbod, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Flo

VIL TREKKJE SEG: Sven Flo og kommunane i Nordfjord vil sjå seg om etter andre samarbeidspartnarar, dersom dei ikkje får dagkirurgi.

Foto: Noralv Pedersen

Alternativ organisering

Flo seier at dei då må ta opp hansken og vurdere kva dei gjer vidare.

– Vi vil då ta kontakt med departementet og Stortinget for å vurdere alternative samarbeidsformer, seier han.

Flo seier dei er klar over at det finst sterke diskusjonar og debattar om tilbodet også i Helse Møre og Romsdal, og at graset ikkje alltid er grønare på andre sida.

– Det vi ber om er at styret tek våre innspel, vurderer dei, og tar ei avgjerd på bakgrunn av det. Vi har ikkje konkludert, men vi må vurdere andre modellar og andre løysingar om vi får eit nei på fredag. Det er ikkje ein ønskeleg situasjon, men vi er oss nøydde til å løfte den debatten, seier han.

– De har valt ei samarbeidsform, og har trudd at dagkirurgi ville vere ein del av dette: Føler de dykk litt snytt?

– Ja, vi gjer det. Vi forstår ikkje argumenta mot at vi skal ha eit slikt tilbod, seier Flo.

Ordførarane har sendt same brev til helseministeren og Helse Vest.

– I brevet til helseministeren har vi bede om hjelp til å få fokus på dagkirurgi på sjukehuset på Nordfjordeid.

– Tek ikkje debatten i media

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, vil ikkje kommentere saka no.

Jorunn Ringstad

VIL IKKJE KOMMENTERE: Dette er ei styresak, og vi tek ikkje debatten i media, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er eit innspel til ei sak vi skal ta opp i møtet på fredag, og eg går ikkje inn i ein diskusjon om ei styresak i forkant av det, seier Ringstad.

Leiaren i styret seier ho ikkje ser nokon grunn til å kommentere no.

– Eg vil fylgje vanleg praksis og behandle saka i styret. Det er heilt uvanleg å ta debatten i media i forkant av møtet.