Hopp til innhold

Trugar med å bryte avtalen med regjeringa

Dei blåblå fører ein så usosial politikk at KrF må vurdere å bryte samarbeidsavtalen med regjeringa dersom ikkje den politiske kursen blir endra.

Trude Brosvik

KRITISK: Fylkesleiar i KRF, Trude Brosvik, er veldig skuffa over den blåblå regjeringa.

Foto: Johan Moen / NRK

Dette seier Trude Brosvik, fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti. Ho er veldig skuffa over viktige delar av den blåblå regjeringa sin politikk. Ifølgje Brosvik er det mange frustrerte KrF-politikarar i fylket.

– Vi hadde rådsmøte no i helga og det er ganske stor frustrasjon og irritasjon over ein del av regjeringa si innretning i budsjettet og måten dei tek tak i samarbeidsavtalen på.

Regjeringa legg opp til veldig store kutt i formueskatt samtidig som dei vil innføre håplause kutt for dei som har minst frå før.

Trude Brosvik

– Håplause kutt

Brosvik er mest kritisk til dei store skattekutta det vert lagt opp til, og vil ikkje vere med på dei.

– Regjeringa legg no opp til veldig store kutt i formuesskatt på same tid som dei vil innføre heilt håplause innstrammingar for dei som har minst frå før.

– Det seier seg sjølv at KrF med sitt sosiale hjarte ikkje kan vere med på noko slikt, seier ho.

Avviser kritikken

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) avviser at den blåblå politikken er usosial og han stiller seg undrande til at Brosvik går ut på denne måten.

– Statsbudsjettet som er lagt fram er vårt utgangspunkt for forhandlingane. Så får vi sjå kva som skjer. Eg synest det er veldig dramatisk av Brosvik å snakka om å bryte samarbeidsavtalen med regjeringa før forhandlingane har starta, seier Lødemel.

Lødemel vedgår at det vil vere alvorleg dersom Venstre og KrF trekkjer seg frå samarbeidsavtalen.

–Ja, det seier seg sjølv. Men vi skal ikkje overdramatisere dette no

– Regjeringa fører ein usosial politikk, seier Brosvik. Kva seier du?

–Det får stå for hennar rekning. Eg meiner vi har ein god politikk, seier Lødemel.

Skuffa over distriktspolitikken

Brosvik på si side viser til at ho er veldig skuffa også over regjeringa sin distriktspolitikk og måten ho meiner regjeringa tilpassar seg sentraliseringskreftene.

– Vi ser det på dei omfattande kutta til fylkeskommunane. Vi ser det også på dei reduserte midlane til regional utvikling og på breibandmidlar.

– Denne hausten blir viktig for å få testa ut korleis samarbeidsavtalen skal tolkast. KrF og Venstre har ein viktig jobb å gjere, seier Brosvik.

Samarbeidsavtalen kan ryke

Ho meiner at dersom regjeringa ikkje vil endre kursen, står heile samarbeidsavtalen i fare.

– Då må partiet ta ei vurdering. Vi har ein samarbeidsavtale i dag som vi held oss til. Men dersom ikkje avtalen blir teken alvorleg frå dei vi forhandlar med, så har vi ingen avtale.

– Så då må samarbeidsavtalen seiast opp?

– Dersom Høgre og Framstegspartiet tolkar avtalen slik at dei skal gjennomføre store skattekutt og ikkje følgje opp anna enn å setje ned utval for å vurdere KrF og Venstre sin politikk, så har vi ingen samarbeidsavtale meir, seier Brosvik.

(Saka held fram under bilete)

Bjørn Lødemel

AVVISER: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel avviser kritikken frå Trude Brosvik.

Foto: Steinar Lote / NRK

Samarbeid med Ap?

På spørsmål om KrF bør samarbeide med Ap, Sp og SV på Stortinget dersom samarbeidsavtalen fell, svarer Brosvik følgjande.

– Løysingane i norsk politikk bør liggje i sentrum og der er KrF, seier ho utan å ville utdjupe noko nærare.

Regjeringa legg opp til å kutte 250 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Lødemel svarer ikkje tydeleg på om han støttar dei kraftige kutta.

– Eg jobbar kontinuerleg inn mot våre folk på alle politiske område. Eg vel å ha dialogen den vegen og ikkje via media.