- Viss ikkje fylkeskommunen tek dette på alvor, så må vi gjere andre ting for å få tunnel. For det er heilt avgjerande med heilårsveg, seier han.
Kravet frå Stadheim er tydeleg: Heilårsveg med tunnel gjennom Vikafjellet må inn i fylkeskommunen sine prioriteringar i nasjonal transportplan for dei neste ti åra. Då fylkesrådmannen la fram si tilråding i går var Vikafjellet langt bak i leksa. No seier Stadheim at Vikafjellsvegen må avansere langt oppover lista når fylkestinget gjer endeleg vedtak om kva dei vil prioritere.
Går inn med ekstraordinære midlar
- Vi er klar over at det er mange andre prosjekt, men vi må i alle fall ha eit så sterkt vedtak i fylkeskommunen at vi kan jobbe vidare med dei ekstraordinære midlane som vi har spelt inn her, seier Erling Stadheim.
Dei ekstraordinære midlane Stadheim snakkar om omfattar bompengar, konsesjonskraftmidlar og tilskot frå næringslivet - i tillegg til dei 150 millionane Vik kommune alt har garantert for. Til saman er det 550 millionar kroner, sjølv om det per i dag berre er pengane frå kommunen som er garanterte.
Må ta oss på alvor
- Vi er komne like langt med dette som alle andre prosjekt som er på det stadiet vi er på, seier Vikafjellsvegleiaren. Om dette held stikk vil det langt på veg finansiere ein heilårsveg over Vikafjellet. Og Stadheim meiner fylkeskommunen gjer klokast i å ta dei på alvor. For så langt har interessa for Vikafjellsvegen vore minst like stor på andre sida av fjellet.