Truga statsminister og toppolitikar

Politiets sikkerheitsteneste har fengsla ein 48 år gammal mann frå Sogn og Fjordane for å ha truga statsministeren og ein sentral politikar.

Jens Stoltenberg

TRUGA: Statsminister Jens Stoltenberg ønskjer ikkje å kommentere drapstrugslane han skal ha vore utsett for.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

48-åringen har bustadadresse i Sogn og Fjordane, men NRK.no får stadfesta at mannen skal ha opphalde seg i utlandet det siste året.

– Eg kan stadfeste at Politiets sikkerheitsteneste har pågripe ein person. Vedkommande er sikta i ei alvorleg sak, seier kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken i PST til Dagbladet.

Har truga stefaren fleire gongar

Mannen skal ha framsett så grove og alvorlege trugslar, at mannen er fengsla i fire veker. Siktinga er ifølgje Dagbladet på 12 sider.

Fredag slo væpna politi til mot staden mannen oppheldt seg.

Ifølgje rettsavgjerda frå Oslo tingrett går det fram at mannen ved fleire høve per e-post har truga mora og stefaren – som er ein norsk politikar.

Sist gong det skjedde var i mai månad. Om lag ein månad seinare vart mannen pågripen av politiet.

Er ein lokal kjenning av politiet

– Vår klient er sikta for å ha komme med drapstrugslar mot stefaren sin – ein kjend norsk politikar – og statsminister Jens Stoltenberg, seier advokat Oscar Ihlebæk til Dagbladet.

Mannen er lokalt kjend for å ha vore i tvistar med naboar. Mannen er ein kjenning av politiet.

Konstituert Politimeister i Sogn og Fjordane ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.no. Han viser vidare til PST.