Hopp til innhold

Truga på livet etter Israel-støtte

17 år gamal ungdomspolitikar tør ikkje gå utandørs etter drapstrussel.

Erlend Bøe

Ungdomspolitikaren Erlend Bøe fekk drapstrussel etter at han gjekk ut i lokalavisa med Israel-støtte.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Eg føler at ytringsfridomen og meiningane mine blir innskrenka av ein som prøver å drepe meg. Det er utruleg trist og eg blir litt usikker på om eg skal gjere dette eller ikkje, seier Erlend Bøe, fylkesleiar i ungdomspartiet til Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Israelsk flagg i fakkeltog

Bøe fortalde denne veka til avisa Firdaposten at han ville møte opp under eit fakkeltog til støtte for Palestina i heimbyen Florø på fredag med eit Israelsk flagg. Saman med andre Israel-vener ville han stå på fortauet medan fakkeltoget gjekk forbi. Reaksjonane lot ikkje vente på seg, og enkelte av dei gjorde 17-åringen livredd. I ei melding som vart lagt inn på profilen hans i nettsamfunnet Nettby blir han i klare ordelag truga på livet.

" jeg gir dg siste sjanse om slutte med å snakke mye,elr så mister du du livet og alt,, jævle rasist,,en gang til ser jg på avisa at du skrive noe mot utlandning elr noe, jeg fucker dg opp dg og faren din og hele familien din,jeg sender på dg hele oslo folka", står det mellom anna i meldinga som Bøe har vidaresendt til NRK.

- Det kan verke som om personen ikkje er norsk i forhold til skrivemåten, men kven det er og kva bakgrunn personen har veit eg ikkje noko om, seier Bøe.

Har kontakta politiet

- Eg har sjølvsagt snakka med politiet. Dette tek eg utruleg seriøst. Eg er litt skeptisk til å gå ut, seier Bøe, som også har snakka med leiinga i Frp og Fpu.

Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar at dei har motteke meldinga, og seier dei tek den på alvor. Dei er ferd med å gjere ein risikovurdering, og vil koble inn andre politiinstansar torsdag morgon.

- Frå nærområdet

Ut frå innhaldet i meldinga kan det virke som om avsendaren er Oslo-basert, men det trur ikkje Bøe på.

- Eg er sikker dette er ein person frå Flora-området. Eg trur ikkje nokon i Oslo driv og sjekkar lokalavisene rundt om i landet, legg han til.

- Ser du at det du har varsla kan vere provoserande?

- Eg ser ikkje korleis det kan vere provoserande. Eg ser ikkje problemet i det, seier han.