Hopp til innhold

Truga på livet etter blogginnlegg

– Eg har fått drapstrugsmål. Folk skriv at eg fortener å døy, at eg burde gå å henge meg, fortel bloggaren Kristine Ullebø.

Kristine Ullebø frå TV-serien Bloggerne

FEKK TRUGSMÅL: Bloggarane Kristine Ullebø frå Førde skal vere med i TV-serien «Bloggerne» på TV2.

Foto: TV2 / TV2

19-åringen frå Førde deler livet sitt med 663.000 personar som følgjer ho på biletdelingstenesta Instagram. I tillegg har ho rundt 21.000 unike lesarar på bloggen sin kvar dag. Ikkje alle tilbakemeldingar på det ho deler har vore like kjekke.

– Det har vore mykje grufullt, men eg har ikkje tatt det så seriøst. Eg trur det handlar om folk som ikkje har det så godt med seg sjølve, og som trengde å få utløp for det i eit uheldig augneblink. Men kjem det ein seriøs trussel så kjem eg til å ta det alvorleg seier Ullebø.

– Men du inviterer til debatt om kroppen din når du legg ut lettkledde bilete av det sjølv?

– Eg gjer kanskje det. Men det handlar om å vere sakleg og rasjonell og ikkje trakassere andre menneske. Det er det som er problemet, eg har ikkje problem med dei som seier meininga si. Problemet er dei som mobbar og trakasserer, seier Ullebø.

Debuterer i realityserie

Kristine Ullebø har blogga sidan ho var 12 år gammal. I dag er bloggen hennar inne blant topp ti blant dei mest leste bloggane i landet. No blir ho og ein av ni bloggarar du kan følge i realityserien «Bloggerne» på TV2.

– Grunnen til at eg ville vere med i «Bloggerne» er fordi eg ville vise meg sjølv på eit litt meir personleg plan. Eg har blogga i åtte år og tenkte det kunne vere kjekt for følgarane mine å få eit nærare blikk på livet mitt, seier Ullebø.

I realityserien «Bloggerne» på TV2 får vi blant anna vere med Ullebø og venninnene i russetida i fjor. I klipp diskuterer jenten gutar. Eit år etter er litt spesielt også for Ullebø å sjå tilbake på.

I realityserien på TV2 får vi blant anna vere med Ullebø og venninnene i russetida i fjor. I klippet diskuterer jentene gutar.

Eit år etter er det litt spesielt også for Ullebø å sjå tilbake på.

– Vi går jo veldig tett inn på livet mitt, der vi høyrer samtalane som eg har med bestevenninnene mine. Men samstundes så er det litt fint også, at folk utanfor Førde kan få sjå korleis vi feirar russetida, seier Ullebø.

Oppturar og nedturar

Gjennom TV-serien får vi også eit innblikk i livet til Kristine Ullebø, når kvardagen ikkje er så kjekk.

I denne episoden av Bloggerne på TV2 slit Kristine Ullebø med alvorlege eksamensnervar.

I denne episoden av «Bloggerne» på TV2 slit 19-åringen med alvorlege eksamensnervar.

– Eg deler alt, seier Ullebø.

Av det ho deler på bloggen sin er blant anna at ho vurderer å gå til psykolog for å få meir openheit om psykiske lidingar, og ho deler også ting om kosthaldet sitt.

– Kva tykkjer du om at så mange meiner noko om kroppen din?

– Eg tykkjer det er dumt folk trur at berre fordi ein kan skrive anonyme kommentarar, så kan dei skrive dei mest grufulle ting. Mykje av det enkelte skriv hadde dei aldri sagt om dei hadde møtte meg andlet til andlet, men når dei kan vere anonyme så er alt lov, seier Ullebø.