Hopp til innhold

Må framleis sitje fengsla etter at dei truga uføretrygda mann med våpen

To unge menn frå Indre Sogn må framleis sitje varetektsfengsla etter at dei truga ein uføretrygda mann med våpen i hans eigen heim.

rettsal

MÅ SITJE I FENGSEL: To menn må framleis sitje fengsla etter det brutale ranet på Kaupanger i november.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Natt til søndag 3. november bana dei to mennene, som begge er i slutten av 20-åra, seg veg inn i mannen sin bustad på Kaupanger. Etter det NRK kjenner til, var dei der mellom anna på jakt etter rusmiddel.

Mannen vart truga med våpen og minst ein av dei to skal ha utøvd vald mot 58-åringen. Han fekk varsla politiet, som i løpet av søndag morgon arresterte dei to heime hos den eine etter ein væpna politiaksjon.

– Svært alvorleg sak

Måndag vart det klart at dei begge framleis må sitje i varetekt i minst fire veker til. Politiet er ferdig med etterforskinga i saka som tingretten omtalar som svært alvorleg. Saka kjem truleg opp for Sogn tingrett i løpet av 2014.

– Det går fram av siktinga at sikta skal ha oppsøkt fornærma på hans bustad, trengt inn i bustaden, trua han med våpen og utøvd vald mot han under ranet, skriv Fjordane tingrett i si avgjerd i dag.

Retten meiner at alvorlegheitsgraden og faren for at liknande hendingar kan skje igjen, gjer at varetektsfengsling ikkje er urimeleg for dei sogningane.

Ville ikkje i fengsel

Advokat Arvid Mellingen er forsvarar for ein av mennene. Etter den første fengslinga i november, sa han til NRK at hans klient ikkje er samd i at det var naudsynt med fengsling.

– Det skulle vere unødvendig. Men dette er retten si vurdering, så får vi sjå om vi skal anke rettsavgjerda. Klienten min har innrømma at han var med på ranet og har lagt alle korta på bordet. Han er lei for det i dag og orsakar sterkt at han har påført mannen ubehag og angst, seier han.

Begge dei to mennene som er sikta i saka har vore ein del av det aktive rusmiljøet i Sogn, og den eine av dei to har mellom anna vore involvert i ei påstått brannstifting på Vesterland feriepark.