Hopp til innhold

Har kritisert helseføretak i media - no blir legen truga med sparken

Fleire gonger har overlegen kritisert helseføretaket han jobbar i – no blir han truga med å få sparken. – Eit bevis på at fryktkulturen råd, seier stortingspolitikar.

Henrik Berg

KAN MISSE JOBBEN: Dersom Henrik Berg held fram med å kritisere helseføretaket han jobbar for i media, kan han misse jobben.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus har vore sterkt kritisk til at viktige funksjonar forsvinn frå lokalsjukehuset og har ved fleire høve kritisert Helse Førde i media.

No har han fått eit brev frå leiinga i helseføretaket der dei skriv at han kan bli sparka om han gjentek kritikken.

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe seier saka heilt klart er alvorleg. Ho meiner det rår ein fryktkultur innanfor helseføretaka og fryktar dette kan gå ut over tryggleiken til pasientane.

– Det er ingen som vil ha det slik

Helse Førde har vedteke å leggje ned føde, ortopedi og akuttfunksjonar ved lokalsjukehuset i Eid. Vedtaket er svært omstridd og har ført til både demonstrasjonar og rettssak. Både innbyggjarar i Nordfjord, tilsette ved sjukehuset og politikarar har vore usamde i nedlegginga.

Overlege Henrik Berg har vore ein av dei som har gått ut med offentleg kritikk mot nedbygginga av pasienttilbodet.

Men no har han fått eit brev frå Helse Førde. Det fortel i klartekst at han kan bli sparka om han held fram med å kritisere helseføretaket. Sjølv nektar han å la seg kneble.

– Dette er forferdeleg trist! Det er ingen som har lyst å ha det slik, seier Berg til NRK.

«Vil vurdere oppseiing»

Brevet Berg har fått kom før jul etter at overlegen fleire gonger hadde uttalt seg om nedleggingar ved lokalsjukehuset og vore med på møter med stortingspolitikarar. Det har blitt for mykje for leiinga i Helse Førde.

Brevet er underteikna klinikkdirektør i Helse Førde, Olav Hesjedal og avdelingsleiar Trine Vingsnes.

«Samla sett konkluderer arbeidsgjevar med at du har brote grunnleggjande krav til lojalitet i arbeidsforholdet. Dersom liknande forhold, som her er gjennomgått, gjentek seg, vil arbeidsgjevar vurdere oppseiing eller avskjed av deg frå stillinga di i Helse Førde HF».

– Jens Stoltenberg snakkar så fint om demokratiet og openheita vi har her. Eg synst dette er eit godt eksempel på den strake motsetninga, og dessverre ser det ut til å ha forankring langt oppe i systemet i Norge, seier Berg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjersti Toppe

KRITISK: Kjersti Toppe i Helse-og omsorgskomiteen er svært kritisk til det ho kallar ein fryktkultur i helsevesenet.

Foto: Paul Sigve Amundsen

– Dette kan gå ut over pasientane sin tryggleik

Og det er ikkje berre i Nordfjord tilsette fryktar å miste jobben. Før jul kunne NRK fortelje at halvparten av dei 2000 tilsette ved Oslo Universitetssjukehus er redde for å melde frå om kritikkverdige forhold.

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe meiner saka er alvorleg.

– Det skal ikkje vere slik i helsevesenet i Norge at dei som arbeider der ikkje har vanleg ytringsfridom. Ein bør ha ein openheitskultur der tilsette tvert om blir oppmoda til å delta i samfunnsdebatten, seier Toppe.

Ho fryktar at ukulturen ikkje er til å leve med, og at den kan få alvorlege følgjer.

– Dette kan i verste fall gå utover pasienttryggleiken. Det er dei som jobbar i felten som veit kor skoen trykkjer, seier helsepolitikaren.

Har vore kalla inn på teppet fleire gonger

Henrik Berg har vore i konflikt med leiinga i Helse Førde i lengre tid. Tidlegare har han mellom anna uttalt at folk kan kome til å døy som følgje av nedlegginga av føde, ortopedi og akuttfunksjonar på Nordfjordeid.

I haust vart han kalla inn på teppet med advokatar både frå Helse Førde og Legeforeningen til stades. Etter det møtet kom det ingen konklusjonar som tydde på verken munnkorg eller at han kunne miste jobben.

Brevet der han no blir varsla om at han kan misse jobben var difor overraskande og dramatisk for legen.

– Tre månader seinare fekk eg det skriftlege resultatet av møtet. Dei seier heilt tydeleg at dersom eg held fram med slik aktivitet vurderer dei å seie meg opp, seier Berg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord Sjukehus

BETENT: Striden kring kutta ved Nordjord sjukehus er svært betent og har mellom anna vore i retten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Betent strid

Dette er andre gong på kort tid at legar ved Nordfjord sjukehus blir truga med sparken. Før helga kom det fram i ein e-post på avvege at fagdirektøren i Helse Førde ynskte ein annan overlege sparka etter utsegn i media.

Seinast i går kom det fram at kommunelege Bengt Georen i Vågsøy har meldt Helse Førde-direktøren til politiet for falsk forklaring. Dette er knytt til forklaringar direktøren skal ha gitt under sjukehusrettsaka.

Forsvarar Helse Førde

Helse Førde vil berre kommentere saka på generelt grunnlag, men informasjonssjef Arne Eithun forsvarar helseføretaket.

– Det er veldig viktig at folk er klar over at det ligg eit regelverk i grunn. Då vil ein og sjå eit litt større bilete på korleis dette heng i hop, seier Eithun og legg til:

– Som tilsett har du din ytringsfridom, men den kan også vere avgrensa i forhold til ulike helselover og lojalitetsplikta, seier informasjonssjefen.

Nektar å la seg kneble

Tilbake på Nordfjordeid seier Berg at det er ubehageleg å bli truga med å miste jobben. Uansett vil han ikkje la brevet stogge han.

– Vi har vel alle vår ytringsfridom som finst i grunnlova enn så lenge, seier Berg.

– Men fryktar du å få sparken på grunn av du gir eit intervju om dette no?

– Eg må vel stå fritt til å uttale meg om nokon spør meg kva eg synst.

På spørsmål om Berg ikkje har eit ansvar når det kjem til å bruke eigna kanalar til framføring av kritikk, i tillegg til å vere lojal mot leiinga og støtte om avgjersler som blir tekne svarar overlegen slik.

– Det heiter seg at dersom vi har problem og ikkje får respons i linja som det heiter, så skal vi gå til neste sjef. Dersom vi ikkje får respons der heller, bør vi melde frå.