Truga med å ta livet av ekssambuar - møtte opp med gasspistol og kniv

Ein tysk statsborgar må sone i fengsel etter at han i august forsøkte å oppsøke ekssambuaren. Han blei seinast i sommar dømd for familievald, drapstruslar og brot på våpenlova.

I ein fersk dom frå Fjordane tingrett, går det fram at mannen i slutten av 40-åra drog til ein stad i Sunnfjord for å oppsøke sin tidlegare sambuar. Dette trass i at han var pålagt besøksforbod fordi politiet frykta at han ville utføre ei straffbar handling mot ho.

Mannen fann aldri kvinna på den adressa han meinte ho budde på, men retten meiner at han uansett må dømmast for forsøket, all den stund at han tidlegare har kome med truslar om å ta livet av kvinna.

Då han la ut på tur for å finne ekssambuaren i august, var han nyleg lauslaten frå fengsel. Han sona då ein dom for å ha utøvd vald mot sonen sin, truslar mot eksen og for å ha vore væpna på offentleg stad.

Retten syner til ein episode 22. januar 2016, der han bar gasspistol, kniv og strips då han oppsøkte eksen sin.

– Han hadde frå april 2014 ei rekkje gonger ytra at han skulle ta livet av fornærma. Den alvorlege forhistoria, og formålet med besøksforbodet, talar med tyngde for at det blir pålagt ein følbar reaksjon, skriv domarane i tingretten.

Mannen må no sone resten av domen han var prøvelauslaten frå, samt 60 dagar ekstra for å ha forsøkt å opprette kontakt med eksen i Sunnfjord.

Det kjem fram av rettsdokumenta at kvinna no har fått valdsalarm, og retten peikar på at er viktig at ho blir verna mot den trugande mannen.

Politiet har varsla at dei ønskjer å utvise den tyske mannen frå Norge.