Hopp til innhold

Mann sett i varetekt etter trugsmål om å sprenge lensmannskontor

I 20.30-tida fredag kveld gjekk væpna politi til aksjon og pågreip ein mann i 30-årsalderen på Sandane.

Nils Erik Eggen

VÆPNA AKSJON: Operasjonsleiar Nils Erik Eggen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Mannen hadde tidlegare på kvelden på ei lokal nettside truga med å sprenge lensmannskontoret på Sandane i lufta.

Mannen sit no i varetekt, opplyser Wenche Hope ved politiets operasjonssentral.

– Han sit i arrest no, og vil sitje der til han er ferdig avhøyrt, og så blir det opp til juristen å avgjere kva som skjer vidare.

Operasjonsleiar Nils Erik Eggen, sa til NRK seint fredag kveld at mannen er ein kjenning av politiet.

– Trugsmålet vart sletta frå nettsida, men vi fann fram til kven det var som hadde kome med trugsmålet, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Mannen har ei forhistorie knytt til våpen. Han har aldri brukt våpen i kriminell samanheng, men vi veit at han er glad i våpen, sa Eggen.

Dermed rykte væpna politi inn i bustaden og pågreip mannen. Mannen skal ha vedgått at det var han som hadde kome med trugsmålet.