Hopp til innhold

Truga med å drepe fleire personar

Fjordane tingrett har dømt ein mann i slutten av 30-åra til fengsel utan vilkår i åtte månader for ei lang rekkje lovbrot.

Retten fann mannen skuldig i mellom anna å ha sett fram drapstrugsmål mot fire ulike personar: Fastlegen sin, ein butikksjef som tok han for nasking, ein NAV-tilsett og ein politibetjent.

I den lange lista over tiltalepunkt er det og innbrot, tjuveri, butikknasking, oppbevaring av ammunisjon, fysisk motstand mot politifolk, fleire brot på legemiddellova, uforsvarleg sykling og sykkeltjuveri.

Bar kniv og øks på politihuset

I alt vart han dømd for 22 lovbrot. To av lovbrota gjorde han seg skuldig i inne på politihuset i Florø. I august i 2014 bar han både kniv og øks inne på politihuset.

Ein gong han sat i arresten smurde han titteluka og kikholet i celledøra inn med si eiga avføring. Han truga også med å pisse på ungane til ein politibetjent.

Madrassa i cella vart og tilgrisa med avføring.

Mannen vart og funnen skuldig i å ha lagt inn trugande meldingar på telefonsvararen til ein tilsett i kommunen som hadde sagt nei til å utlevere medisin til han tidlegare enn det som var oppsett.

Den dømde sjølv vedgjekk straffskuld i åtte av lovbrota. I tillegg til fengselsstraffa på åtte månader må han betale erstatning på 4460 kroner til eigaren av ein bil han sykla på. Men han slapp å betale sakskostnader.