Hopp til innhold

Truga familiemedlemmer

Politiet arresterte ein mann i Førde sentrum i ettermiddag. Mannen skal ha truga familiemedlemmer i ein annan kommune i Sunnfjord, skriv Firda. – Vi fekk ei melding frå redde og urolege personar som mannen har eit forhold til, og vi vurderte situasjonen som så alvorleg at vi rykte ut, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre.