NRK Meny
Normal

Trude Raad sette ny rekord

16 år gamle Trude Raad frå Gloppen Friidrettslag sette torsdag kveld ny norsk aldersrekord i slegge.

Trude Raad
Foto: Pressefoto

Under eit stemne på Byrkjelo stadion kasta ho 51,69 meter. Det er nesten sju meter lengre enn den gamle aldersrekorden.

Resultatet er og ny krinsrekord for seniorar.