Hopp til innhold

Trude tok sitt tredje gull i Deaflympics

Med eit kast på 61,79 meter forsvarte Trude Raad (Gloppen FIL) gullmedaljen frå førre Deaflympics.

Trude Raad

ARKIVFOTO: Trude Raad sikra seg sitt tredje gullmedalje i Deaflympics i Sofia.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gullmedaljen er hennar tredje i meisterskapen. Under førre meisterskap i Taipei i 2009 vann Trude Raad både slegge og diskos.

Onsdagens gullkast i Bulgaria, kom allereie i første omgang.

– Eg er sjølvsagt nøgd med medaljen, men skulle helst sett at eg kasta litt lenger. Helst opp mot 63–64 meter. Men det vart teknisk bom her og der, så det var ikkje dagen i dag, seier 23-åringen.

Slit med teknikken

Sleggekastaren med personleg rekord på 63,43 meter, har slite noko med teknikken dei siste åra. Så var også tilfelle under konkurransen i Sofia.

Den siste tida har sleggekastaren trena spesielt på å bruke beina meir enn armane i rotasjonen. Årsbeste i år er 62,93 meter.

– Det byrjar å komme seg. Eg får det til i tre rotasjonar, men på siste rotasjon tek slegga meg att og då blir det eit dårleg utkast, seier Raad som likevel vann konkurransen med fem meter i Bulgaria.

Spent på laurdagen

– Eg har kjent meg i fin form siste tida, og har kasta 61–62 meter på det lengste i trening. Då skal eg kunne klare eit par meter til i konkurranse, legg Raad til.

I tillegg til sleggefinalen, er Raad gullfavoritt framfor laurdagens diskoskonkurranse.

Sjølv er 23-åringen svært spent på kva diskosen vil lande på. Dei siste åra har nemleg slegga vore i fokus for Raad. Diskosen har fått lufta seg berre når ho har hatt tid.

– Veldig ustabil

– I år har det blitt veldig lite diskos, så eg er veldig ustabil. Det blir ganske spennande å sjå kva eg klarer å få til, ler ho og er veldig usikker på om ho klarer å forsvare gullet frå 2009.

– Eg har ligge i overkant av 46 meter, men den kan like godt lande på 40 meter som på 50 meter. Landar den på 40 meter kan eg sjå langt etter medalje. Skal eg vinne må eg nok opp mot 46–47 meter, seier ho.

Vann også i VM

Sidan førre Deaflympics, har Raad vunne gull i både slegge og diskos i VM for døve i Toronto .

– Det er sikkert dei som ventar at eg tek gullet, men der er ingenting sikkert. Det var mykje meir sikkert med slegge, legg Raad til.

Deaflympics har vore arrangert sidan 1931, og i Sofia er 4.000 utøvarar frå 80 nasjonar påmelde i 19 ulike idrettar.