Trude Brosvik på topp

Trude Brosvik frå Gulen toppar framlegget til stortingsliste frå nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Kristeleg Folkeparti.

Trude Brosvik
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Nummer to på lista er Svein Ottar Sandal frå Gloppen.

Tapte for Osmundnes sist

Trude Brosvik tapte kampen om førsteplassen til stortingsvalet i 2005 for Per Steinar Osmundnes, men han greidde ikkje å sanke nok røyster til at Kristeleg Folkeparti vart representert på Stortinget for Sogn og Fjordane.

Klar bane no?

No er Osmundnes ikkje aktuell på lista, og difor er det venta at det er klar bane for 47 år gamle Trude Brosvik. Ho har vore ordførar i Gulen sidan 1999.

Her er lista vidare:

3. Bjørn-Harald Haugsvær, Førde

4. Norunn Lunde Furnes, Gaular

5. Helge Torstad, sogndal

6. Gunn Helgesen, Selje

7. Gine Helen Torstad, Sogndal

8. Irene Barmen Hoel, Jølster

9. Torodd Urnes, Luster

10. Johan Vadøy, Bremanger

11. Terje Sekse Horne, Naustdal.