Hopp til innhold

Vil ha meir breiband

Utbygging av breiband meiner Trude Brosvik kan vere med å stoppe fråflyttinga frå Sogn og Fjordane.

Trude Brosvik
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Trude Brosvik

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar i fylket for å betale for samferdselsprosjekt?

– Det kan vere aktuelt for å få raskare framdrift på viktige samferdselsprosjekt.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Linja er viktig å få på plass. Viss ho blir lagt nær busetnad eller gjennom viktige naturområde bør ho kablast. Ønskjer at lokale innspel på trasèval vert høyrde på i størst mogeleg grad.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Minske avstandsulempene med m.a. god samferdsle og breidband. Skape miljø for interessante arbeidsplassar ( td. utflytting av statlege arbeidsplassar), m.a. ved å styrke sentra. Styrke kultur og frivillig arbeid.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Rammene må stå i forhold til vedteken struktur og tenestetilbod. Viss ikkje, så må vi endre tilbodet. Det går ikkje an å ostehøvle meir. Trur ikkje det er best for pasientane i Sogn og Fjordane å berre ha lokalsjukehus og måtte til Bergen for all anna behandling.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Grøne sertifikat som gjer at det løner seg å bruke "rein" energi, eit avgiftssystem som støttar opp om miljøriktige val. God lokal avfallshandtering og ENØK-tiltak.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Respekt for livet, frå fosteret i mors mage til ein naturleg død.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Eit samfunn som bygger på kristne verdiar. Familiepolitikk og skule vil vere sentralt, saman med distriktspolitikk.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– At vi har felles forståing av kva retning vi vil styre samfunnet i.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Sentrumspartia.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– I regjeringssamarbeid er både SV og FrP utelukka. Elles vil eg i saker kunne samarbeide med alle.

Høyr også portrettet med andrekandidaten Svein Ottar Sandal