Hopp til innhold

Rykte ut til tips om velta vogntog - men vogntoget velta allereie tysdag...

Det vart sett i gang full utrykning etter at AMK hadde fått melding om at eit vogntog hadde velta ein kilometer nord for Skei i Jølster. Men trass i iherdig leiting, fann ikkje korkje politi eller ambulansepersonell nokon nytt velta vogntog...

Vogntog

SPERRINGAR: Området der vogntoget ligg er både merka av med skilt og sperra med sperreband frå politiet.

Foto: Hugleik Almenning

– No har vi søkt heile området frå Skei til Våtedalen og heilt til Reed, men vi har ikkje funne noko anna enn det vogtoget som har lege der i fleire dagar, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjarte Engevik.

Det vart slege full alarm og sendt ut både ambulanse, politi, luftambulanse og brannmannskap etter at ein innringjar melde frå om at eit vogntog låg velta ein kilometer nord for Skei.

Leitte og leitte og leitte...

Men trass i iherdig leiting, kunne ikkje redningsmannskapa finne nokon som helst. Bortsett frå tankbilen som velta tysdag denne veka. Denne bilen ligg ved Fløtre på Flølo, vel ei mil frå der meldar hadde sagt frå at ulykka hadde skjedd.

Betongbilen var lasta med 30 tonn ublanda sement då han rauk ut av vegen tysdag. Det er førebels ukjent kva som var årsaka til ulykka.

Engevik er lite nøgd med at ein har køyrt full utrykking til ei ulykke som ikkje er ei ulykke.

– Alt tyder på at det er denne bilen det er snakk om, for våre folk som har vore ute, har ikkje sett snurten av nokon annan bil. Men det er ikkje bra å melde inn slikt berre ved å køyre forbi, og ikkje ein gong ta turen ut av bilen for å sjekke, seier Engevik.

Har plikt til å stoppe

Han peikar på at Vegtrafikklova og at ein har eit ansvar for å forsikre seg om korleis det står til med involverte i eit trafikkuhell, dersom ein kjem ut for eit. Då er det ikkje godt nok å berre suse forbi og telefonere om det etterpå.

– Det er ille at ein ikkje har stoppa på staden og sjekka nærare. Ein er pliktig til å stogge når ein ser noko som kan vere ei ulykke, seier Engevik.