Hopp til innhold

Trudde posten var open – frykta for påsketradisjonen

Tradisjonar er viktige og difor er det ekstra kjipt når ein viktig pakke ligg innelåst på postkontoret.

Familien til Hafdís Helgadóttir

PÅSKETRADISJON: Hafdís Helgadóttir og mannen Kjartan gler seg til påskejakt med born Robert og Soldis Lilja.

Foto: Privat

Islandske Hafdís Helgadóttir som bur i Førde med familien, la i dag ut ei fortvilt melding på ei Facebook-gruppe.

KRISE! Eg har nettopp fått vite at det er stengt på Posten i morgon! :( Vi skulle hente familien sine påskeegg som er på postkontoret.

– Dette er skikkeleg uheldig. Onsdag fekk eg melding om at pakken hadde kome til meg. Men eg var på jobb og fekk ikkje henta den ut fordi postkontoret stengde tidleg, fortel ho.

Så difor sjekka ho opningstidene til Handelshuset i Førde der postkontoret hennar ligg. Og jo, på nettsida stod det at det var opne nokre timar på påskeaftan. Men så var det Posten då. Dei held nemleg stengd.

– Eg blei litt trist då eg oppdaga det. Tradisjonar er jo viktige, spesielt for oss som ikkje bur heimlandet lenger.

Borna gler seg

For i pakken er det islandske påskeegg, noko som er viktig for familien som har budd i Norge halvanna år.

– Det er tradisjonsrike påskeegg av sjokolade og fylte med islandsk godteri. Det ligg også ein lapp oppi, med ein beskjed til den som får egget. Dette er ein sterk islandsk tradisjon, fortel ho.

Påskeaftan skal alle gøyme egga til kvarandre, for så å leite etter dei. Ho seier at borna Soldis Lilja på fire år og Robert på 11 år gler seg til dette kvart år.

– Borna gøymer egga til forelda, og foreldra gøymer dei små sine. Spesielt borna er veldig spente.

– Har du ein plan B for morgondagen?

– Då får eg kjøpe pappegg i butikken og fylle med godteri, men det er ikkje det same.

Mange vil hjelpe

Etter at ho la ut meldinga på Facebook, har ho fått mange tilbakemeldingar.

– Fleire har tatt kontakt og vil prøve å hjelpe meg. Men eg har ikkje ringt Posten sjølv, for eg vil ikkje uroe folk som har ferie. Men eg håper nokon ser meldinga og vil opne postkontoret nokre minutt slik at eg får hente pakken.

Etter å ha snakka med Helgadóttir slår NRK på tråden til Arne Rørvik som er dagleg leiar i Posten i Førde.

– Dette må vi prøve å ordne opp i. Eg må sjekke om nokre av dei tilsette er i Førde i morgon. Ring tilbake om ein halvtime, seier han.

Og så løyste det seg

Etter kort tid ringer telefonen på NRK.

– Hei, no har eg avtalt med ein tilsett som vil hjelpe med å få ut pakken. Vi pleier å vere flinke til å ordne opp i problem, særleg når denne pakken er så viktig for ungane, seier postsjefen.

Når Hafdís Helgadóttir får denne beskjeden blir ho veldig glad.

– Eg blir veldig rørt. Det er heilt fantastisk, seier ho.

Så no blir det tradisjonsrik jakt på påskeegga likevel for den islandske familien.